Hopp til innhold

Ordføraren fekk kjenne storkommunen på kroppen

Forhandlingane om ordførarklubba var ikkje det einaste som trekte ut i Kinn kommune. Då kabalen endeleg var lagt, fekk ordførar Ola Teigen (Ap) ein strabasiøs tur heim.

Bente Nilsen (SV) og Ola Teigen (Ap) på veg heim til Florø

FÅR KLUBBA: Det skulle bli alt anna enn lett å kome seg frå forhandlingane i Måløy til Florø, for Kinn kommune sin første ordførar, Ola Teigen (t.v.). Her saman med Bente Nilsen (SV) framfor bussen til Florø.

Foto: PRIVAT

I 07-tida publiserte ordføraren eit bilete av seg sjølv og Bente Nilsen (SV) framfor ein buss i Førde. «Ikkje spør», var Ola Teigen sin passande kommentar til biletet.

Då hadde dei reist heile natta frå forhandlingar i storkommunen sitt andre senter, Måløy.

– Sånn er Kinn, humrar Teigen når han er med på direkten i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Måtte lade elbil

Forhandlingane har trekt ut i tid, og det skulle altså gå ei veke etter valet før konstellasjonen var klar.

Då makta var fordelt ved midnatt, skulle det også vise seg å bli ein strabasiøs elbil-tur heim til Florø.

Då avtalen var signert, var ferjesambanda Måløy – Oldeide og Stårheim – Isane slutta å gå for natta.

Teigen og Nilsen måtte lenger inn i landet, til ferjesambandet Anda – Lote, for å krysse Noregs sjette lengste fjord, Nordfjord. Men dei bomma på første ferja.

– Vi nådde ferja 0145, men det var så pass kaldt at vi måtte lade elbilen på Sandane. Der viste det seg å vere feil ladar, så bilen lada treigt. I 05-tida hadde vi nok straum til å komme oss til Førde, seier ordføraren.

100 km vart 210 km

For å gjere historia kort, ordføraren tok buss siste etappe til Florø. Turen som i utgangspunktet skulle ta kring halvannan time, tok ordføraren åtte timar.

Fekk kjenne storkommunen på kroppen

Då NRK ringde for kommentarar, var Teigen også nærast tom for batteri på mobilen.

– No har vi fått prøvd kollektivtransport og det å reise utan fossilt drivstoff. Vi har litt å gå på endå, seier Teigen.

Mange variablar

Ola Teigen

FØRSTE: Florøværingen Ola Teigen blir den første ordføraren i Kinn.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Men strevet var nok verd det, for Ap-politikaren blir første ordførar i Kinn kommune. Sidsel Kongsvik (Sp) blir varaordførar.

Avtalen kom i stand etter forhandlingane med MDG og SV. Før helga trekte Ap seg frå forhandlingane med nettopp Senterpartiet.

– Vi var ikkje så langt unna då. Så gjekk vi nokre rundar med ein annan konstellasjon, men etter å ha prøvd alle slags moglege løysingar, så var det eigentleg berre denne som var mogleg å få til, seier Teigen.

Usamde ja-parti

Sidsel Kongsvik, Senterpartiet, Kinn

SENTERPARTIET: Etter at Senterpartiet gjekk tilbake på kravet om folkeavrøysting, blir Sidsel Kongsvik varaordførar i Kinn kommune. – Dersom evalueringa viser at Kinn ikkje er liv laga, så står vi fritt til å reise reverseringsdebatten på nytt, seier Kongsvik.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

For å kome til semje droppa Senterpartiet det opphavlege kravet om ei ny folkerøysting om Kinn kommune. I staden er samarbeidspartia samde om å gjennomføre ei utgreiing i løpet av dei neste fire åra.

– Vi får ei evaluering av ein ekstern instans etter nokre år i samarbeidet. Så tek vi det derifrå, seier varaordførar Sidsel Kongsvik.

– De har stått hardt på folkeavrøysting. Kvifor går det tilbake på kravet?

– Folkeavrøystinga kom opp då vi utarbeidde eit felles framlegg med Raudt. Vi har ikkje programfesta folkeavrøysting, så vi ser i ettertid at det blir litt feil å stå så hardt på kravet.

Ap vart størst

Ifølgje Firdaposten stranda forhandlingane mellom ja-partia Ap, Høgre og Venstre då sistnemnde kravde at Jacob Nødseth skulle ha eit betalt verv som politikar. Til avisa seier Nødseth at han meiner dette med løn er ei avsporing.

Arbeidarpartiet blei det største partiet etter valet førre måndag, medan Senterpartiet fekk nest flest røyster.

Frå 2020 vert kommunane Vågsøy og Flora slått saman til Kinn kommune. Nokre har kalla den nye storkommunen for «Noregs raraste kommune» fordi den ikkje heng saman.

Den nye kommunen vert delt i to av ein tredje kommune, Bremanger, som ikkje ville vere med på noko samanslåing.

Sidsel Kongsvik, Senterpartiet, Kinn

SENTERPARTIET: Etter at Senterpartiet gjekk tilbake på kravet om folkeavrøysting, blir Sidsel Kongsvik varaordførar i Kinn kommune. – Dersom evalueringa viser at Kinn ikkje er liv laga, så står vi fritt til å reise reverseringsdebatten på nytt, seier Kongsvik.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK