Hopp til innhold

No er oppryddingsarbeidet i gong

Ein halv kilometer med veg er meir eller mindre smadra etter raset på E16 i Gudvangen. Steinar store som bilar har sidan tysdag stengd stamvegen mellom Oslo og Bergen.

Store skader på E16 i Gudvangen etter steinraset
Foto: Roy Viktor Ohnstad/Opedal Drift As

E16 i Gudvangen på grunn av ras

STORE MASKINAR: Arbeidet med å rydde vegen startar i føremiddag. Ein bil med sprengstoff er no i rasområdet.

Foto: Bård Siem / NRK

Geologen gav tidlegare i dag klarsignal til at oppryddingsarbeidet etter raset kan setje i gong.

– Det er ingenting som tyder på at det kjem til å gå fleire ras i området, så vi har funne ut at det er trygt å sende folk inn for å byrje å rydde opp, seier geolog Espen Eidsvåg.

I natt har dei «bomba» fjellet med vatn ifrå eit helikopter for å sjå om det losna stein. Det gjorde det ikkje, så no kjenner Eidsvåg seg trygg på at rydningsarbeidet er trygt.

Stamvegen mellom Oslo og Bergen har vore stengd sidan tysdag ettermiddag, etter at steinar store som minibussar rasa ned på vegen.

– No skal store maskinar som kan sprengje desse enorme blokkene, komme inn i området, seier reporter for NRK i Gudvangen Bård Siem.

Store dimensjonar

Den største steinen er på 300 tonn, noko som tilsvarar nesten 300 personbilar.

Etter kvart som ryddearbeidet går framover, kjem skadane meir og meir fram i lyset. Byggeleiar Rune Dvergsdal jobbar no i rasområdet. Han har ikkje vore borti noko liknande tidlegare.

– Dette er nok den største steinen eg har vore borti. Det er store dimensjonar det er snakk om.

– Kva skjer vidare no?

– Vi borar og sprengjer steinane. Deretter blir massane frakta vekk med lastebilar, seier Dvergsdal.

Rydding etter steinraset i Gudvangen

BORAR: Steinblokkene må delast opp i mykje mindre bitar før dei kan fraktast vekk.

Foto: Bård Siem / NRK

Håper å opne søndag

Marius Grove ved vegtrafikksentralen i Hordaland seier at oppryddingsarbeidet truleg tek tre dagar.

– Det er ein del jobb som må gjerast. Det er store steinar som har laga skader på vegen og desse må vekk først. Vi snakkar om 5000 kubikkmeter med stein.

Håpet er å få vegen opna til søndag.

– Då er fellesferien er slutt og vi reknar med ein del trafikk, seier han.

No er eit helikopter i gang med å spyle ned lause steinmassar i fjellet. 3000 liter vatn blir sleppt ned på kvar tur i fjellsida.

FLEIRE TIMAR: Helikopteret spylte fjellsida fleire timar onsdag ettermiddag.

ras
Foto: NRK