Hopp til innhold

No er også denne skulen historie

Naustdal kommunestyre vedtok torsdag å leggje ned Dalen skule.

Dalen skule avd. Midtredalen på Kalland i Naustedalen

HISTORIE: Dalen skule blir lagt ned. Biletet syner avdeling Midtredalen skule på Kalland.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er ein tung dag for oss som stod på den andre sida i denne saka, seier Erlend Herstad til NRK.no.

Han er lokallagsleiar i Senterpartiet i Naustdal, og var mellom dei fem i mindretalet som stemte imot nedlegginga av Dalen skule.

No mister 45 elevar skulen sin.

– Det er sjølvsagt trist for Dalen, som no mister ein kvalitet i bu- og oppvekstmiljøet sitt, seier Herstad.

Foreldra er uroa over konsekvensane

Bakgrunnen for nedlegginga er at kommunen må spare pengar. Skulesektoren må ta 1,8 millionar kroner av kutta – og den største innsparinga får dei ved å leggje ned Dalen skule.

NRK har tidlegare fortalt om store protestar mot forslaget om nedlegging. Foreldre og andre har mellom anna formidla motstand gjennom folkemøte.

– Elevane blir fråteke dei trygge rammene sine, og det er mange som er uroa for korleis kvardagen deira skal bli. Mange vil få ekstra lang reisetid, og det går jo ut over fritida etter skulen, har FAU-leiar Tonje Lødøen Hove sagt til NRK.no.

Erlend Herstad

TRIST DAG: Erlend Herstad meiner skulenedlegginga reduserer kvaliteten i bu- og oppvekstmiljøet i Naustdal.

Foto: Privat

– Ein trist dag for kommunen

På torsdagens kommunestyremøte var det stort fleirtal for nedlegginga. Berre fem representantar frå Sp, SV, Raudt og Ap stemte imot.

– Det var omtrent som forventa. Det vart eit stort fleirtal. Vi i mindretalet fremma eit forlag om å oppretthalde skulen iallfall fram til utbygginga i sentrum er ferdig, men det tapte vi, seier Herstad.

Ordførar Håkon Myrvang har tidlegare forklart til NRK.no at han synest dette er ei vanskeleg sak, men at kommunen har utfordringar med økonomien. Han meiner skulane må ta in del av kutta.

– For kommunen er det ein trist dag. Vi får ikkje nytta heile potensialet vårt når vi legg ned skulen i Dalen, seier Erlend Herstad.