Hopp til innhold

I dag bør du leggje inn fem minutt ekstra

No er nattefrosten her. – Legg inn litt ekstra tid slik at du får skrapa rutene skikkeleg, er oppmodinga frå politiet.

Is på ruta i Førde, oktober 2015

FØRSTE DAGEN: Mange opplever at dei for første gong denne hausten må skrape is av ruta når dei skal ut med bilen onsdag morgon. – Ta deg tida til å gjere det skikkeleg, er oppmodinga frå politiet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vi går gjerne og ventar på den, men når nattefrosten først kjem har vi ofte verken tid eller utstyr til å skrape rutene. Kanskje ligg skrapa i bagasjerommet eller i garasjen, og klokka går.

Ei lita stripe ved hjelp av eit gamalt CD-cover kan bli det einaste du får til før du hastar av garde til jobb, skule eller barnehage.

Slik vil ikkje politiet ha det.

– Folk må leggje inn litt ekstra tid slik at dei kan ta seg tid til dette, for det er svært viktig når ein skal ut å køyre, seier Trond Hatlenes, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Fører ofte til eit lite trafikkaos

Fleire stader vaknar folk onsdag morgon opp til nedisa bilar og temperaturar ned mot null.

Den første dagen med slike forhold fører erfaringsmessig til litt ekstra jobb langs vegane.

– Når den første frosten kjem, er det ofte vi har det vi kan kalle eit lite trafikkaos. Glatte vegar kan føre til utforkøyringar, så det er viktig å tenkje på faren som kan oppstå når det har vore kaldt om natta, seier Hatlenes.

Dette bør du gjere i dag

Han oppmodar folk til å ta ein liten sjekk på dekka sine, og også vurdere om ein skal vere i forkant og leggje om til vinterdekk. Folk kan sjølve gjere svært enkle grep for å sikre seg sjølv og medtrafikantane eit tryggare trafikkbilete.

– Først og fremst ønskjer vi at folk som er ute å ferdast på vegane når det byrjar bli kaldt om nettene, tenkjer over at det kan vere glatt og køyrer med omsyn til det.

– Samtidig bør folk vere ekstra påpasselege på å skrape rutene. Dei bør skrape frontruta og siderutene godt, og vente med å køyre til doggen har forsvunne, er den klare oppmodinga frå operasjonsleiaren.