NRK Meny
Normal

Med enkle grep kan du gjere det vanskelegare for desse å ta seg inn i huset ditt

Likar du å ha det varmt og godt no om hausten? Det gjer mus og rotter også. Akkurat no kan dei vere på veg inn i huset eller hytta ditt.

Rottene trekker inn, men går i feller

NO KJEM DEI INN: Når nettene blir lengre og kulda set inn kjem vil mus og rotter inn i varmen.

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

– Dei er litt som oss, at dei treng meir varme når det blir kaldare, seier Per Olav Erikstad som driv firmaet Agila Vest.

Når hausten og vinteren kjem blir han ein reddande engel for mange huseigarar.

– Bestanden av gnagarar er aukande, seier han.

Kan gjere stor skade

Får du mus eller rotter i hus kan det fort bli dyrt. Ikkje berre går dei laus på golv og veggar, men dei kan også ete opp babykleda du har på loftet eller skulebøkene du har lagra i kasser i kjellaren. Mus og rotter går også laus på kablar og røyr og i verste fall kan gnagarane gjere skade som fører til vasslekkasjar og brannfare.

Mus kan komme seg inn gjennom hol på berre 5–6 millimeter, medan rotter kjem seg inn på hol ned mot 12 millimeter.

– Eg forstår godt om folk trur eg overdriver når eg seier dette, men eg gjer faktisk ikkje, seier Erikstad som har fleire gode råd.

Per Olav Erikstad i Agila med musefelle

MUSEFELLE: Den gode gamle trefella er mykje brukt, og Per Olav Erikstad seier den fungerer svært godt saman med til dømes litt peanøttsmør.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Hald orden rundt huset

Det aller beste er å gjere det vanskelegast mogleg for dei små udyra å komme inn i huset ditt.

– Det er viktig å halde orden rundt huset. Hald graset nede, rak lauv og å unngå å stable ting oppetter husveggen.

Mange går i den fella at dei stablar ting og tang oppetter veggen når dei skal rydde inn for sommaren. Det blir til perfekte skjuleplassar der mus kan etablere seg. Ein stabel med ved er noko av det verste.

– Veden trekkjer til seg Dei lagar seg gjerne bol i den, fortel Erikstad.

Mating av fuglar og det å ha til dømes kaninbur nært inntil huset kan også til trekkje seg rotter og mus, dette fordi det blir liggande att smular frå frø, høy og mjøl.

– Sjølv om ein trur katten gjer ein god jobb med å ta musene, så vil også katten sin jobb bli svekka fordi den finn meir mat rundt huset, forklarar Erikstad.

Gift og feller

Gift og feller er kanskje dei best kjente og mest brukte metodane for å halde småkrypa unna. Men reglane har endra seg, og vanlege folk får berre kjøpt gift på små ferdigfylte åtestasjonar. Vil ein legge ut gift i større skala må ein ta kontakt med proffe folk.

Erikstad minner også om at det er ulovleg å sette opp musefeller utandørs. Ved bruk inne rår Erikstad folk til å sette dei opp i lukka rom, til dømes på eit loft, eller under kjøkkenbenken.

– Personleg meiner eg folk bør sette opp feller berre når dei veit at det er mus eller rotter i huset.

Per Olav Erikstad held ei musefelle

SKIFT ÅTE OFTE: Brukar du ferske ting, som til dømes litt kjøttpålegg bør du skifte ofte om du skal greie trekkje til seg deg mus og rotter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bytt åte ofte

Gode døme på åte er peanøttsmør, ost og kjøttpålegg. Brukar du ferske ting må du hugse å skifte åte ofte, gjerne kvar dag.

– Sett dei langs veggar, ved ein skorstein, rundt røyrførande leidningar eller kablar, er rådet frå Erikstad.

Han seier skadeomfanget er stort, både med mus og med rotter og meiner folk bør bli litt meir bevisste for å unngå skader for tusenvis av kroner.

– På kort sikt er skadeomfanget mykje større med rotter, medan det må fleire mus til for å få same skadeeffekten. Men får du først mus i hus og dei formeirar seg, kan går dei laus på leidningar og kablar på same måte.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser