For å kome til området ved den russiske øya Sakhalin, må dei krysse nordaustpassasjen før isen frys til. Dei russiske eigarane var klare på at verftet i Leirvik måtte levere både kvalitet, men også på tid.
– Men i dag skal vi skal feire at vi er ferdige med to gode prosjekt. Dette er isbrytarar,
og det er kraftige konstruksjonar. Det er mykje stål som krev mykje tilarbeiding for å lage stål, og det er tungt maskineri med store motorar, fortel prosjektleiar for Havyard, Erlend Hatleberg til NRK.
- Les også:
Laurdag kunne han og resten av dei tilsette på verftet i Hyllestad invitere til folkefest og dobbeldåp av isbrytarane Normann og Pomor. Mange møtte fram for å få med seg feiringa.
– Det var masse folk og god stemning. Alt i alt så har det vore ein kjempedag. Men no snart startar skipa på den lange seglturen nordover.
Hatleberg legg vekt på at dei svært kraftige isbrytarane fyller miljøkrava som blir sett til nye skip.
– Motorprodusentane strevar heile tida for å redusere utslepp. Ein av dei kriteria som ligg no er at skipa blir klassifisert som "clean design". Då er det krav til kor mykje utslepp dei har lov å sleppe ut i atmosfæren.