Hopp til innhold

No er lamminga i gang

SANDANE (NRK): Det blir kalla vårens vakraste eventyr. Om lag 1,5 millionar lam kjem i desse dagar til verda her i landet. Og hos sauebøndene må både store og små hjelpa til.

I GANG: Her kan du sjå korleis det gjekk under lamminga på Sandane i Gloppen.

Små, yndige lam ser dagens lys for første gong – i takt med at augo på sauebøndene vert smalare og smalare av søvnmangel.

Hos sauebonde Kristian Mardal på Sandane har det vore ei travel natt. Lamminga er i gang på Sjøkringla gard på Sandane, og då er heile familien i sving.

– Eg tykkjer det er veldig fint å ha lam i fjøsen, seier Filip Mardal Fuglestrand.

Og dei blir det mange av no. Her på garden kjem det over 350 lam dei neste vekene.

– Vi har fått ein tredel av dei vi skal få. No blir det ein månad med hardt arbeid, men kjekt arbeid, Så lenge alt går bra, merkar vi nesten ikkje at det er travelt, seier bonde Kristian Mardal.

Han seier det er viktig å vere roleg i fjøsen. Og lamma bringar glede til både store og små.

– Sau er ein lidenskap, Eg andar og levere for sausen. Dei er fantastiske dyr å jobbe med.

Lam på Sandane

NYFØDDE: Det gjekk bra med desse nyfødde lamma

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Heile familien er med i fjøsen

Mardal seier at å vere bonde i lammingsperioden er utruleg kjekt i, sjølv om det er mykje arbeid.

– Så lenge alt går bra med fødslane, er det flott. Vi byrja førre torsdag, og etter det har det ploppa ut lam stort sett heile tida.

Sjølv har ein annan jobb på dagtid, så han tek nattevaktene.

– Far min passar på om dagtid. Om ettermiddagen er det både eg, sambuar, borna, mor og far som er i fjøsen.

– Kva er det som driv deg?

–– Det er interessa for sau, og eg er veldig engasjert i sauehald.

Sauebonde Kristian Mardal

KJEKT: Bonden Kristian Mardal på Sandane tykkjer lamminga er kjekt arbeid.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

No håper han vêrgudane er med dei framover slik at sola og varmen gjer graset grønt.

– Då kan sauene snart vere ute. Dei er først på innmarksbeite i nokre veker før vi slepper dei til fjells i månadsskiftet mai/juni.