Striden mellom Våge og Askvoll

Først ut i årets klassequiz i Sogn og Fjordane var Våge skule i Fjaler. Dei hadde eitt mål – å vinna over Askvoll skule.

Deltakarar i Klassequizen

FØRST UT: Vemund Holstad, Endre Vesterås og Eirik Baug Barsnes frå Våge skule i Fjaler.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK Sogn og Fjordane

– Det er kjekt å vera først ute. Vi merkar ikkje presset i det heile, seier Vemund Holstad, Endre Vesterås og Eirik Baug Barsnes.

Dei hadde allereie varma opp med eit spørsmål om elefantar og graviditet. NRK-reporter Erlend Blaalid Oldeide vart imponert over det faktum at ein elefant går gravid i 22 månader.

Trioen frå Våge skule gjekk ut med fem poeng av tolv moglege.

Klassequizen er ein landsomfattande konkurranse der kvart fylke har sine innleiande rundar. Dei beste laga frå dei innleiande rundane går vidare til lokale finalar. Til slutt møtest dei lokale vinnarane i nasjonal finale på TV i mai 2013.

Fekk trøbbel med «Forfattarar»

I den fjerde kategorien trekte gutane frå Våge skule emnet «Forfattarar». Det var i denne kategorien det gjekk verkeleg gale.

Her gjekk dei ut med berre eitt poeng for riktig svar på spørsmålet om kva etternamnet til forfattaren av romanen Hobbiten er. Riktig svar var Tolkien.

Då dei i første kategori om båtar måtte svara på kva år Titanic gjekk på grunn, hadde dei ikkje peiling. Og svarte blankt utan diskusjon.

(Artikkelen held fram under)

Deltakarar i Klassequizen

KONSENTRASJON: Tuva Hjetland Løland, Josef benoni Ness Tveit og Ole Martin Ask slo Våge skule.

Foto: Erlen Blaalid Oldeide / NRK Sogn og Fjordane

– Spennande

Heile 27 skular i fylket konkurrerer om å gå vidare til den nasjonale finalen i Klassequizen som skal arrangerast i Oslo.

Tuva Hjetland Løland, Josef Benoni Ness Tveit og Ole Martin Ask på Askvoll skule hadde tru på seier over Våge før dei tok til på dei fire kategoriane.

Kanskje kan gjengen frå Askvoll skule bli å sjå på TV til våren.

– Det hadde vore spennande å konkurrera på TV, er dei einige i.

Askvoll var hakket betre

Den første kategorien Askvoll skule trekte var «Russland». Ein kategori dei i utgangspunktet synst hørtes vanskeleg ut. Men dei klarte seg bra, tre poeng håva dei inn i første runde.

Etter å ha svart på alle spørsmåla stod dei igjen med åtte av tolv moglege poeng.

– Vi har eigd Våge, og då har vi oppnådd det vi ville. Det har alltid vore Våge versus Askvoll, slik er det berre, seier dei.

Håpar det held til finale

Elevane frå Askvoll skule håpar at åtte poeng skal halda til finalen. Dei trur ikkje at nokon av dei andre skulane i fylket skal klara like mange poeng.

– Kva var det vanskelegaste spørsmålet?

– Det om CH4 gassen. Vi har sikkert hatt om det i naturfagstimen ein gong. Men når vi får ei prøve så gløymer vi stoffet rett etterpå.

Dei visste ikkje at det var gassen Metan som har formelen CH4.

Deltakarane er einige i at det kanskje er lurt å hugsa det ein lærer til ei prøve også etter at prøva er ferdig.