NRK Meny
Normal

Skademarerittet er over - siktar mot OL

Øyvind Strømmen Kjerpeset var tilbake med eit smell, då han sprang sitt første løp med piggsko sidan i fjor sommar. No siktar han mot å klare OL-kravet.

Øyvind Strømmen Kjerpeset på Bislett

OFFENSIV: Etter eit heilt år meir eller mindre øydelagt av skade, er Øyvind Strømmen Kjerpeset offensiv og lysten på nye rekordar.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det verkar som eg er tilbake der eg var for eit par år sidan – og vel så det. Det er utruleg herleg. Eg er så letta. Det er heilt fantastisk, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Søndag var han tilbake med brask og bram i eit stemne på Lambertseter i Oslo. Kjerpeset vann både 150-meter (15,99 sekund) og 300-meter (33,83 sekund) i skarp konkurranse.

Sprintaren parkerte både årets innandørsmeister på 60-meter og fjorårets NM-vinnar på 200-meter. Det smakte godt.

– Eg har gledd meg så fantastisk mykje til å konkurrere, og har lagt ned eit enormt treningsgrunnlag for å komme tilbake der eg var. No fekk eg sjå at det har fungert, seier Kjerpeset.

Har aldri trent i nærleiken så mykje...

Øyvind Strømmen Kjerpeset er Norges suverent beste hekkeløpar, og siktar mot internasjonale meisterskap som VM og OL på 400-meter hekk. Men etter ein treningsleir i USA i mai i fjor, har han slite med ein betennelse under den eine foten.

Etter NM på Jessheim i august bestemte Kjerpeset seg for å kutte resten av sesongen for å bli kvitt skaden. Så gjekk også innandørssesongen i vasken.

– Det har vore ein lang og tung vinter – med ekstremt mykje trening. Eg har aldri lagt ned i nærleiken så mykje treningsarbeid som i år, seier han.

– No byrjar vi å sleppe litt opp på treningsmengdene, og då trur eg dette skal bli veldig bra. Eg ser lyst på sesongen, legg han til.

Øyvind Strømmen Kjerpeset heldt på å svime av og måtte setje seg ned då han skulle til intervju etter løpet på Bislett.

LANGT NEDE: Øyvind Strømmen Kjerpeset hadde ein tung sesong prega av skader i fjor. Her er sprintaren langt nede etter eit tøft møte med 400-meter hekk på Bislett.

Skal under OL-kravet – og kan komme til VM

Skaden i foten hemma ei stund florøværingen så mykje, at han hadde problem med å komme seg frå si eiga stove og inn på kjøkkenet. No meiner han at foten er heilt fin.

– Eg kjenner ikkje noko til skaden, anna enn at eg er litt sår om morgonen – men det er heilt normalt. Eg har ikkje kjent noko på trening på veldig lenge. Dei siste månadane har eg fått trent optimalt, seier Kjerpeset.

Den kommande månaden legg han opp til ein god del konkurransar. På programmet står mellom anna elitestemnet på Hamar, Florø friidrettsfestival og Bislett Games.

– Eg har som mål å senke den norske rekorden min til under OL-kravet for neste år. Det trur eg skal vere mogleg, og då er eg også VM-aktuell i haust. Då kan eg til og med gjere det ganske greitt i VM. Men det er sjølvsagt mykje som skal klaffe, seier Kjerpeset.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser