Hopp til innhold

No er han Sogndals heitaste salsobjekt

Han fekk berre tolv minutt å vise seg fram på, men Sogndal merkar allereie auka interesse for Mahatma Otoo etter Ghana sin andreplass i Afrikameisterskapet.

Mahatma Otoo

INTERESSANT FOR FLEIRE: Berre det å vere med i troppen til Ghana under Afrikameisterskapen har gjort Mahatma Otoo interessant for klubbar i utlandet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– På slike arrangement er det mange speidarar og klubbar som ser kampane. I kjølvatnet av det har vi merka at interessa rundt Mahatma er aukande. Det er veldig kjekt, seier sportssjef Håvard Flo i Sogndal.

Mahatma Otoo var med i Ghana sin tropp under Afrikameisterskapet, der dei spelte seg heilt fram til finalen – men tapte på straffespark mot Elfenbenskysten.

Spelar på lag med internasjonale stjerner

På førstelaget til Ghana spelar ei rekkje store internasjonale stjerner, og den 23 år gamle Sogndal-spissen fekk berre spele tolv minutt i heile meisterskapet. Mot slutten av kampen mot Algerie kom han inn mot slutten av oppgjeret.

Flo meiner det er ei anerkjenning berre å ha ein spelar med i eit slikt selskap.

– Det er kjekt og positivt både for oss som klubb og spelaren sjølv Ghana er eit lag med stjerner på veldig høgt nivå. Det er beinhard konkurranse, seier han.

Mange interesserte – men ingen konkrete tilbod

No har sportssjefen fått førespurnader om Otoo frå ei rekkje klubbar.

– Det er mange klubbar som melder interesse gjennom agentane sine. Det har komme følarar frå Russland, Asia og you name it. Men det har førebels ikkje komme noko meir konkret enn som så, seier Flo.

– Han kan bli viktig for Sogndal i år?

– Ja. Han var viktig også i fjor, då han scora tosifra. Han har potensial til å drive dette endå lenger enn det, seier Flo.