Hopp til innhold

No er han nesten 30 kilo tyngre og klar for EM

NAUSTDAL (NRK): Berre tolv år gamal begynte Jantsen Øverås å leike med vektløftarstonga. No, ni år seinare, skal han løfte på stemnet han kjem til å hugse resten av livet.

Jantsen Øverås som ung

STARTA I 2007: Det har gått ni år sidan Jantsen Øverås første gong pressa ei vektløftarstong over hovudet. Biletet er frå hans andre stemne, junior NM i 2008.

Foto: privat

Med oppblåste kjakar og rynkar i panna pressar 21-åringen vektstonga lett over hovudet i treningslokala i Naustdal. Det er berre dagar til han skal vise seg fram under EM i Førde. Aldri før har han følt seg i så god form.

– Slik eg føler meg no, trur eg det skal bli veldig bra. Eg har ikkje følt at kroppen har fungert så bra før ein meisterskap før, seier Tambarskjelvar-løftaren.

Jantsen Øverås på trening like før EM på heimebane

FULLT FOKUS: Det handlar om vektløfting døgnet rundt i tida tett opp mot EM. Her får Jantsen Øverås rettleiing av landslagstrenar Gunnar Reiakvam (med ryggen til). Bak sit klubbkamerat Vebjørn Varlid.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klarte aldri å slutte

Dei som såg Jantsen Øverås som nykomling hadde kanskje ikkje trudd at han nokre år seinare var ein av 12 norske EM-deltakarar. Sjølv hugsar han godt korleis han fann vegen inn i vektløftarsporten.

– Ein kamerat av meg begynte med det. Eg hadde ikkje så mykje anna å finne på, så eg prøvde eg òg. Så klarte eg aldri å slutte, flirer han.

Hans andre stemne var junior-NM i 2008, året etter at han første gong prøvde seg i sporten. Stemneresultatet er for lengst historie, men Øverås meiner å hugse at han greidde 36 eller 38 kilo i støt.

– Ikkje berre feitt

No løftar han meir enn det tredoble. Hans personlege rekordar er 126 kilo i støt og 151 kilo i støt. Også vekta hans har auka.

I 2008 var han 49 kilo, no stoppar vekta på 76 kilo. Mykje av det er rein muskelmasse.

– Eg har strekt meg litt også. Men vi har heile tida følgt med at det er kvalitetsmasse eg har auka med, og ikkje berre feitt, flirer han.

Jantsen Øverås

OL: Det største målet for Jantsen Øverås er å få delta i eit OL. 21-åringen har framleis mange år å gjere det på.

Foto: Rune Fossum / NRK

Går for ny «pers»

No er det finpussing av forma som gjeld.

– Eg har lagt stabilt heilt oppunder dei beste resultata mine på trening. Det er veldig positivt, seier han.

På spørsmål om kva han kan greie på EM er han snar med å presisere at han er ute av medaljekampen.

– Men eg vil heilt klart prøve å leie an C-gruppa, og ikkje minst gjere mitt beste resultat.

Drøymer om OL

For sjølv kor stort EM på heimebane er, er det berre eit steg på vegen vidare. Planen er å gå opp endå ein vektklasse, til oppunder 85 kilo. Med høgare kroppsvekt håpar han på endå meir trykk og kraft.

– Men der trur eg det må bli stopp for meg. Då begynner høgda å bli ein restriksjon.

Og med mange år framfor seg er det store målet:

– Eg har heilt klart lyst på eit OL, seier Øverås.

Vil du sjå han løfte under EM skjer det tysdag morgon frå klokka 09.30.