Hopp til innhold

Så nærme var landslagsesset Førde-retur

Berre kort tid inn i sitt andre proffeventyr, var Jonas Kvalen berre få dagar frå ein Førde-retur. Nyleg vart volleyballspelaren klar for sin tredje utanlandske proffklubb.

Jonas Kvalen

HELD FRAM: Jonas Kvalen, her i kamp for Argex Duvel Puurs, er klar sin andre belgiske toppklubb, Prefaxis Menen.

Foto: Ivan Plettinckx / IPL Soft

Tidlegare Førde-spelar Jonas Kvalen var lite nøgd med tilstanden i belgiske VC Argex Duvel Puurs.

– Eg var skeptisk med det same. Vi møtte tre-fire spelarar første dagen i oppkøyringa og det verka ikkje å vere system på noko. Men eg bestemte meg for å berre bite tennene saman i håp om å vise meg fram for andre klubbar, seier han.

Mista motivasjonen

Det var langt frå gitt att oppleggaren frå Volda skulle bli sesongen ut med VC Argex Duvel Puurs.

Allereie i september kunne proffopphaldet i Belgia tatt slutt. Motivasjonen for å halde fram som leggar var ikkje på topp.

– Vi hadde ikkje fullt lag, og mangla mest av alt ein diagonalspelar. Eg ville prøve meg som diagonal og etter ein samtale med trenaren, fekk eg tre-fire dagar på å overbevise. Hadde det ikkje lukkast, så måtte eg pakka sakene og reist heim. Då til Førde, fortel 22-åringen.

– Sjansane for å halde fram som leggar var liten dersom eg ikkje hadde lukkast, legg han til.

Poengsankar

Jonas Kvalen

LANDSLAGET: Jonas Kvalen er saman med Geir Eithun, Lars Fredrik Tvinde og Morten Kvamsdal tidlegare Førde-spelarar som no forsvarar dei norske fargane i sandvolleyball.

Foto: Privat

– Eg fekk «kniven på strupen» og tok nok den råaste avgjerda nokosinne, legg 22-åringen til og vedgår at det skulle vise seg å vere eit lukkeleg val.

Sjølv om Argex Duvel Puurs enda på 7. plass i grunnspelet, og 8. plass i nedre sluttspel, vart Kvalen den som sanka nest flest poeng av alle i den belgiske toppserien.

Ved sesongslutt stod belgiske klubbar i kø for å sikre seg tenestene hans. Også Førde lodda stemninga på ein eventuell retur til Sunnfjord.

Fekk mange tilbod

Jonas Kvalen

FØRDE: Jonas Kvalen har fleire sesongar for Førde volleyballklubb.

Foto: Rune Fossum / NRK

Valet landa på Prefaxis Menen, som vart nummer fem i sluttspelet.

– Eg håpar å få oppleve den same proffkjensla som eg opplevde i Polen, seier han og legg til at lovnad om speletid vart avgjerande.

– Dei har ambisjonar, god økonomi og er godt organiserte. Dei skal ut i europacup, og eg er lova rolla som førstediagonal, som også betyr plass i startseksaren, seier 22-åringen.

«Blokkmonster»

Andreas Takvam

MAKKAR: Tidlegare Nyborg-spelar Andreas Takvam er Jonas Kvalen sin nye makker i sandvolleyball. Takvam spelar no i polske Effector Kielce.

Foto: Effector Kielce

Fram til sesongoppkøyringa tek til i august, blir Kvalen å sjå på sandvolleyballbana. Når han først får trena seg opp att etter ein ankelskade og operasjon i april.

For første gong sidan 2012 har voldingen funne seg fast makkar i «blokkmonsteret» Andreas Takvam. Hordalendingen med fortid i Nyborg er over to meter høg og har ei rekkjevidde på 364 centimeter.

Førde på landslaget

LANDSLAGET: Jonas Kvalen er ein av fleire spelarar med fortid i Førde som spelar på A-landslaget i volleyball. Han er også blant fleire på sandvolleyballandslag.

Foto: Privat

– Vi har ikkje fått trena saman før, så det blir spennande. Vi skulle spelt kvalifisering til World Tour i Stavanger, men dette blir truleg utsett grunna skaden, seier han.

– Kva ambisjonar har de på sandvolleyballbana?

– Vi må først vite korleis vi står saman og tek ein sesong av gangen. OL2020 kjem nok litt for tidleg, men vi siktar i alle fall mot OL i 2024 eller 2028.