Hopp til innhold

No er han klar for Sogndal – igjen

Peter Aase er klar for sin andre periode for Sogndal Fotball.

Peter Aase viste seg fram i treningskampen mot Hødd

TILBAKE: Peter Aase er samd med Sogndal Fotball og startar i trening i neste veke.

Foto: Rune Sjøberg

Partane er samde i ein avtale som strekkjer seg over tre år, fram til 31. juli 2018.

Peter Aase har også tidlegare vore i Sogndal, men har dei to siste åra spelt for moderklubben Florø i 2. divisjon.

– Vi har halde eit godt auge med Peter i denne perioden, og sett utviklinga hans. Den har vore så bra at vi gjerne vil ha han med oss i Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo i ei pressemelding.

Utfordrande prosess

Håvard Flo

NØGD: Håvard Flo er glad for å ha Peter Aase attende på Fosshaugane Campus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal-trenar Eirik Bakke uttala tidlegare i vinter at han ynskjer eit lokalt preg på 1. divisjonsmannskapet sitt. Han har også fleire gonger uttala at han har sansen for Aase, og skildrar 20-åringen som ein spelar med mykje energi, god teknikk og stor løpskraft.

– Han vil passe godt inn i vår måte å spele fotball på, seier Flo og kjenner seg trygg på at floraværingen vil ta nye steg i åra som kjem.

Prosessen fram mot denne signeringa har vore utfordrande, då Peter har vore ei særs viktig brikke i kampen om eit mogleg opprykk for Florø.