Hopp til innhold

Sogndal hentar ny spiss frå Levanger

Bendik Bye er klar for Sogndal Fotball.

Bendik Bye

TIL SOGNDAL: Sogndal Fotball hentar Bendik Bye frå Levanger før neste sesong. På seks sesongar i 1. divisjon har spissen scora 37 mål.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Levanger-spissen har dei to siste åra notert seg for 26 mål på 58 kampar.

– Vi er særs glade for å ha signert Bendik Bye, då han er ein spelar vi har hatt under lupa lenge, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogndal Fotball sine nettsider.

Bye-show mot Sogndal

Håvard Flo

NØGD: Sportsleg leiar Håvard Flo er nøgd med å ha sikra seg tenestene til Bendik Bye.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

26-åringen signerte i dag avtalen som gjer han til Sogndal-spelar ut 2018-sesongen. Bye har også spelt for barndomsklubben Steinkjer og 1. divisjonsklubben Ranheim.

Bye scora i fjor fire av Levanger sine sju mål mot Sogndal.

– Bendik er ein spelar med eit godt steg, han er rørleg og har stor løpskraft. Soleis vil han passe veldig godt inn i vårt spelesystem, seier Flo.

Målfarleg spelar

– Han har vist seg som ein målfarleg spelar, og vi jobba hardt for å få han hit i sommar, legg Flo til overfor nettsida og forklarar at overgangen ikkje passa inn i trønderane sine planar i sommar.

Når Bye no kjem til Sogndal, er det som Bosman-spelar.

– Han er profesjonell og målretta, og ein lun trønder som vil passe godt inn i gruppa vår, avsluttar Flo.

Saka blir oppdatert.