Hopp til innhold

No er han ein av fem i eksklusivt selskap

Bjarne Huseklepp frå Guddal vart i helga utnemnd som æresmedlem i Norges Jeger- og Fiskerforbund. No er han ein av fem som kan smykke seg med tittelen.

Bjarne Huseklepp og Ketil Aarstaad får tildelt æresmedlemsskap i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

EKSKLUSIV KLUBB; I helga vart Bjarne Huseklepp (t.h.) og Ketil Aarstaad utnemnde som æresmedlemmar i Norges Jeger- og Fiskerforbund. Dei er to av fem medlemmar i klubben.

Foto: Espen Farstad

– Det er litt uverkeleg å oppnå noko sånt. Det er utruleg gledeleg, og vanskeleg å ta inn over seg, seier ein sprudlande Huseklepp til NRK.

Han var ein av to som under årets landsmøte til Norges Jeger- og Fiskerforbund, vart innlemma i den eksklusive klubben. Organisasjonen har nær 114 000 medlemmar, og for sunnfjordingen var det litt vanskeleg å tru at av alle desse har nettopp han gjort seg fortent til ekstra heider og ære.

– Eg må nesten berre stole på andre har gjort ei god vurdering, seier han lattermildt.

Bjarne Huseklepp med laks

IVRIG: Interessa for jakt og fiske har resultert i mange storfangstar for Huseklepp. Her med ein laksefangst frå Målselv.

Foto: Håkon Huseklepp

Den gode turen

I grunngjevinga for tildelinga står det mellom anna at få andre kan matche CV-en hans. I mange år har han leia foreininga sitt barne- og ungdomsarbeid, og det er klart at det er noko han brenn for. Sjølv skildrar han seg nærast som eit prakteksemplar på kva som skal til for at interessa for jakt og fiske skal utvikle seg.

– Eg fekk min første aure då eg har tre og eit halvt år. Alle rundt meg, onklar, far min og andre var interesserte i det, så eg har vakse opp med det, fortel Huseklepp.

Han meiner det å gjenta gode turopplevingar er det viktigaste om ein skal få born og unge interesserte i friluftslivet.

Bytte ut løpesko med hagle og fiskestong

Han har gjennom nær 30 år som aktiv i organisasjon ei rekkje verv bak seg, både på lokalt og nasjonalt plan. At han skulle delta så aktivt i organisasjonsarbeidet kom som følgje av at idrettskarrieren måtte leggast på hylla.

I 1984 var han på maratonlandslaget og satsa mot OL i Soul, men vart skadd. Jakt- og fiskeinteressa som før hadde vorte nedprioritert, vart plutseleg særs viktig igjen. No kjenner han seg heldig som kan sjå tilbake på eit liv fylt av gode friluftsopplevingar.

– Det å kjenne ein storlaks som tek fluga, eller vere på hytta og fiske i fint vêr. Gå på rypejakt ein flott haustdag, alt er flott. Totalt handlar det om det gode liv, seier Huseklepp.