Her skal dei produsere 10.000 tonn laks på land kvart år

I dette gigantanlegget skal det produserast 10.000 tonn slakteklar laks kvart år. No er prosjektet mykje nærare ei realisering.

Skisse over landbasert oppdrett i Florø

STORT ANLEGG: Dette er ei skisse over anlegget som kvart år skal produsere 10.000 tonn slakteklar laks.

Foto: Incgruppen

– Vi er svært tilfreds med at Innovasjon Norge er med og trur på prosjektet, jublar økonomidirektør Roald Førde i INC Invest.

I dag vart det klart at Innovasjon Norge støtter pilotanlegget med landbasert lakseoppdrett i Florø med 15 millionar kroner.

Støtta er avgjerande for realiseringa av anlegget som Havlandet Marin Yngel seier har høg miljømessig og nyskapande profil.

– Vi trur at løysingar som gir minst mogleg miljømessig fotavtrykk på sikt vil gi den beste totaløkonomien. Vi ynskjer difor å teste ut konsept for å konvertere avfall til energi og nye råvarer, seier dagleg leiar Halvard Hovland.

Fekk konsesjon i 2017

INC-selskapet Havlandet Marin Yngel i Florø har produsert yngel og settefisk av torsk i landbasert oppdrettsanlegg sidan 2001. For fire år sidan starta dei også oppdrett av berggylte.

Arbeidet med eit pilotanlegget starta i 2016. Året etter kom konsesjonen på 200 tonn laks i året.

Målet er eit fullskala landbasert anlegg, med årleg produksjon på 10.000 tonn slakteklar laks.

– Prosjektet har vist seg utfordrande å realisere i stor skala. Difor går vi vegen om eit pilotanlegg for å dokumentere at teknologien og biologien fungerer, seier Førde.

Stort landbasert oppdrettsanlegg i Florø.

FULLFINANSIERT: Kjetil Søvik (Sparebanken Vest), Roald Førde (økonomidirektør i INC konsernet), Jo Dale Pedersen (kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane) og Jan Gurvin (spesialrådgjevar i Innovasjon Norge) satsar saman mot eit nytt landbasert oppdrettsanlegg i Florø.

Foto: Eivind Hauge

Mange fordelar

– Det er mange fordelar med eit landbasert anlegg. Vi har ei heilt anna moglegheit til å styre og kontrollere omgjevnader som fisken skal vere i, både i høve til lus og sjukdom, seier Førde.

Skifte av vatn i kummane er av dei store kostnadskrevjande utfordringane med landbaserte anlegg. Anlegget i Florø har tenkt å nytte seg av ein sokalla RAS-teknologi, der vatnet blir resirkulert og nytta fleire gonger.

Det gjer at laksen kan bli slakta utan å ta omvegen innom merdar i havet, og den slepper å møte lakselus. I tillegg blir alt avfall samla opp.

– Vi har knytt til oss nokre av landets mest erfarne ekspertar i planlegginga, og anlegget skal leverast av selskapet Aqua Optima, som har lang erfaring med RAS-system i inn- og utland, fortel Førde

– Fornuftig tilnærming

– Havlandet si tilnærming med å utføre anlegget i mindre skala vurderer vi som fornuftig, legg spesialrådgjevar Jan Gurvin ved Innovasjon Norge til.

Kostnadsramma på prosjektet er 50 millionar kroner. I tillegg til Innovasjon Norge, er resten finansiert av aksjonærane i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

Det blir også arbeidd med å etablere hydrogenproduksjon ved Fjord Base. Førde seier desse prosjekta kan vere gunstige for kvarandre.

– «Avfallsstoffet» i hydrogenproduksjon er reint oksygen, som vi kan bruke direkte i lakseproduksjonen, seier han.

Med pilotanlegget fullfinansiert, håpar Førde på oppstart til hausten.

– Teknologileverandøren er byrja på detaljprosjekteringa, så vi vil prøve å få dette realisert så raskt som mogleg. Vi håpar å ha fisk i anlegget første halvår 2019, seier han.