Normal

No er fotballhelten klar for skytefinale

For dei fleste er han best kjend som midtbanespelar og assistenttrenar for Førde sitt 2. divisjonslag i fotball, men no er Gisle Isene klar for finalen i ein av landets tøffaste idrettar.

Gisle Isene på Landsskytterstevnet 2015

PÅ BANA I: Ein særs nøgd Gisle Isene framfor resultattavla på feltbana på Lesja.

Foto: Christian Rekkedal

Med 30 treff og av dei 20 innerblinkar, skaut Isene seg nemleg i dag til finalen i feltskyting under Landsskyttarstemnet på Lesja.

– Eg tykte det var svært kjekt, og eigentleg gjekk det litt over forventning. Det var mi første feltskyting som senior på Landsskyttarstemnet, så eg var litt usikker på kva eg kunne forvente, seier Isene til NRK.

Florø-Førde 24.4. 2014

PÅ BANA II: Gisle Isene (t.h.) i kamp for Førde mot Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Før han satsa på fotballen, var Gisle Isene ein svært lovande skyttar. Den siste tida har han vore assistenttrenar for Førde sitt A-lag, saman med Torbjørn Glomnes. Men då Glomnes måtte gå, valde Isene også å trekke seg som assistenttrenar.

–Planen er å gå litt tilbake til skyting etter kvart. Men det blei jo nye oppgåver i fotballen som trigga meg, og gjorde at eg ønskte å bruke meir tid på fotballen enn planen var for nokre år sidan.

– Kva tenkjer du om at du no skal skyte finale?

– Det er ikkje før på fredag, og masse kan skje før den tid. Det blir ei ny heilt ny tevling, og eg må nullstille meg. Eg får håpe at det går midt i blinken og at eg gjer mitt beste, seier Isene.

Han innser at kampen om norgesmeistertittelen i feltskyting vil bli svært tett.

– Truleg må eg skyte fullt og vel så det, dessutan må ein skyte litt hurtigare i finalen. Det gjer det litt meir utfordrande, men eg håpar jo på medalje, slår Isene fast.

Vegopning på Bergum i Førde kommune