Hopp til innhold

No er Førde også blitt korby

Frå før kan førdianarane skilte med å bu i ein sykkelby. No kan Førde også kalle seg korby.

Førde utnemnd til korby.

PRIS: Høgre-ordførar Olve Grotle (i midten) tok imot prisen på vegner av kommunen. Her flankert av visepresident i Norges Korforbund, Liv Oda Dale (t.v.), og regionkonsulent i Norges Korforbund, Rune Frank Brunslid.

Foto: Privat

Norges Korforbund utnemnde i helga den største byen i fylket til landets andre korby. Den første var Harstad som fekk utmerkinga 20. april i år.

Prisen vart overrekt under Norges Korforbund Sogn og Fjordane sitt tiårsjubileum i Førde.

– Ein korby må ha engasjement og stabile, heilskaplege kulturtilbod som inkluderer satsing på kor og lokalitetar til øving og konsertar, sa president i korforbundet, Svend-Ola Hådi, under overrekkinga.

Godt kortilbod

Førde fekk utnemninga for eit svært aktivt kormiljø for alle generasjonar. Mellom anna vart Kulturskulen framheva for dirigtentenesta, kortilbodet og tilbod om gratis øvingslokale.

Kora i kommunen samarbeider om å setje opp større verk med innleigde solistar og distriktsmusikarar. Byen kan også skilte med fleire gode konsertlokale.

– Norges Korforbund ynskjer å setje fokus på byar, bygder og kommunar som har ein heilskapleg satsing på kor og som gjennom ein aktiv kulturpolitikk medverkar til at Norges Korforbunds kor og kommande og noverande korsongarar har eit godt tilbod i sitt lokaltilbod, sa Hådi.

Pengar til stipend

Det var ordførar Olve Grotle (H) som tok imot prisen. Han var glad for prisen og stolt av kora i bygda som tidlegare på dagen gjekk gjennom bygatene til song og musikk.

Grotle vedgjekk at prisen forpliktar, men at han var villig til å ta denne utfordringa.

I samband med prisen fekk kommunen, som frå før var Vestlandets første sykkelby , også eit dirigentstipend på 10.000 kroner for 2013.

Storstemne

Kommunen får i oppdrag å løyve stipendet til eit lokalt dirigenttalent, og forbundet oppmoda kommunen til å yte tilsvarande stipend årleg.

Førde er i helga vertskap for fylkes største korstemne nokosinne. Kring 900 koristar frå 39 kor deltek på stemnet der fire kor i byen samarbeider om arrangementet.