– Dei siste åra har vi heller bygt opp produksjonen på Flatraket, seier Helge Solheim, styreformann i Fiskevegn AS.
Bedrifta ligg heilt nord i Sogn og Fjordane, ut mot havet, og produkta dei lagar står i stil med kor dei er. Dei produserer fiskeliner, fiber og tau, og dei monterer garn.
I 2002 flagga dei ut store delar av produksjonen til Latvia. Tollavgifter på tau var blant anna det som gjorde at utflagging blei løysinga. Men no satsar Solheim heime igjen.
– Her har me utvida der som me ser at det er like billeg å produsere i Noreg som i Latvia, seier han.
Visse delar av produksjonen er òg meir sensitiv enn andre, og dette vil formannen ha under dagleg oppsyn. Då er det enklare å ha dette på plass i Selje enn å sende folk til Latvia.
– Og prisane har auka på arbeidskrafta i utlandet, og det har vist seg at det er meir effektiv produksjon i Noreg, seier Solheim.
Høgkompetent norsk arbeidskraft
Bransjeorganisasjonen Norsk Industri ser det same og hevdar trenden er tydeleg: Bedriftene flaggar heim meir enn dei flaggar ut. For å kunne det krev det at bedriftene leverer toppkvalitet.
– Alle veit at når ein produserer i konkurranse med resten av verda så er ein nøydd til å vere best, seier Finn Langeland, kommunikasjonsdirektør i Norsk Industri.
Han viser blant anna til at norske fagarbeidarar er høgkompetente.
– Dei er flink til å løyse problem, òg på golvet. Det er ein heilt anna arbeidskultur enn det ein finn i Europa og i andre land, seier Langeland.
Norsk Industri arbeider med å talfeste trenden, men ser at dette gjeld mange ulike bransjar, alt frå trevarer og genserproduksjon til tyngre industri.
– Er dette kalkulert eller er det økonomisk gambling?
– Eg trur dette er kalkulert, men desse prosessane stiller krav til leiingane, seier Langeland.
127 år i Noreg
– Vi vil ha ein enno større del av produksjonen i Noreg, seier Bjørn Aage Haugen, dagleg leiar i Innvik AS.
Møbelstoffprodusenten i Nordfjord har ikkje behøvd å flagge ut sin 127 år lange produksjon til no – og ser heller ikkje det som eit alternativ i framtida.
– Vi meiner vi konkurrerer godt. Vi leverer produkt i ein høg prisklasse, men òg ein høg kvalitetsklasse. Det gjer me best i Noreg, seier han.
Han har eit klart råd til norske bedrifter som vurderer å flagge heim att.
– Har dei kompetansen i Noreg så er det viktig å ha produksjonen her òg, i alle fall over ein lengre periode.