Hopp til innhold

No er det verkeleg håp om betre vêr!

Statsmeteorolog Haldis Berge er heilt tydeleg glad for at ho endeleg kan presentere ei vêrmelding som er annleis enn det ho og kollegaene har kome med siste månaden.

Våt Moro 2014

KANSKJE LITT DRASTISK? Sjøtemperaturen blir neppe den heilt store i helga, men dei tøffaste kan ta ein dukkert i sol.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er lys i tunnelen, forsikrar ho med glede i røysta.

Og det er frå fredag ettermiddag det betrar seg.

– Det startar med nokså skya vêr og utrygt for skodde i ytre strok og med enkelte regnbyer i indre strok, men om ettermiddagen blir det lettare skydekke. Det blir periodar med sol, og temperaturen stig.

Statsmeteorolog Haldis Berge

GLAD VÊRMELDAR: Statsmeteorolog Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

Håp om å sjå 20-talet

Det kjem opp i 16 grader fredag - i skuggen. Og på laurdagen blir det endå betre.

– Då blir det stort sett fint vêr, med skiftande nordleg bris, og det blir noko varmare.

Etter ein litt kjøleg morgon kan vi rekne med at kvikksølvet kryp opp mot 20 grader utpå laurdagen. Søndag er det håp om å sjå 20-talet.

Og Haldis Berge, som ikkje har hatt så mykje å trøyste vêrsjuke vestlendingar med den siste tida, er glad for å kunne kome med noko som gir håp om sommar.

– Det er kjekt å kome med noko slikt, særleg når det går mot helg.

Og på yr.no opererer dei med temperaturar rundt 20 grader eller tett oppunder heile komande veke. Regn ser det ut til å bli lite av, berre måndag skal det kome nokre dråpar.