Hopp til innhold

No er det våt is på vegane

Vêromslaget fører til svært glatt føre i fylket laurdag. Politiet åtvarar om at regnet mange stader frys til is på vegane.

Glatt vei.

VÅT IS: Den langvarige kuldeperioden gjer at regnet blir til is, sjølv med fleire plussgrader i lufta.

Foto: Helena Rønning / NRK

– Innover i Sunnfjord er det svært glatt, seier Espen Gulliksen ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Kan komme brått på

Operasjonsleiaren som kom på vakt klokka 08 laurdag morgon har sjølv køyrt frå Bremanger til Florø.

– Det kan sjå greitt ut, men flekkevis er det svært glatt, åtvarar han.

Politiet har også melding om at det er uvanleg glatt på riksveg 5 ved Storebru mellom Førde og Florø.

– Bør dei som ikkje har piggdekk la bilen stå?

– Nei, eg køyrer sjølv piggfritt. Men ein må køyre forsiktig. Det gjeld alle, seier Gulliksen.

Politiet gjekk i morgontimane ut på Twitter og åtvara om glatte vegar.

Laster Twitter-innhold

Strøbilane skal ut

Hos Vegtrafikksentralen i Lærdal hadde dei i 8-tida laurdag morgon alt fått telefonar frå fleire stader i fylket der bilistar klaga over glatte vegar.

– I Fjaler skal det ha vore glatt mellom Flekke og Dale på fylkesveg 57. Her blir det strødd. Utover mot Askvoll skal det også vere glatt, men her er det kome litt snø på, etter at vegen vart skrapa i går kveld. Og mellom Stryn og Eid har vi fått melding om at det har vore glatt, opplyser vaktoperatør Ketil Molvær.

Han reknar med at dei aller fleste Europa-, riks- og fylkesvegar vil bli strødd eller salta laurdag.

– Det er også vanleg at ein blandar litt salt inn i grusen, forklarer vaktoperatøren.

Vêrvarslet fram til midnatt

Meteorologisk institutt melder om sørleg opp i stiv kuling på kysten. Sterk kuling på kysten i nord, forbigåande noko minkande i ettermiddag. Periodar med snø eller sludd, i ytre og lågare strok regn. Stigande temperatur.