Hopp til innhold

I år skal Julie verken ete kjøt eller kjøpe nytt

FØRDE (NRK): Trenden med at fleire vil endre forbruksmønsteret sitt til fordel for klimaet, ser ikkje ut til å stoppe.

Kjøpestopp - klede

KJØPESTOPP: Dette er kleda Julie Aksnes Williams skal bruke framover. Skal ho ha andre klede, må ho kjøpe brukt.

Foto: privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det å reparere kleda, betyr ikkje at du ikkje har råd til nye. Det betyr berre at du kan ta betre vare på det du har, i staden for å kjøpe stadig nye ting, seier Julie Aksnes Williams.

Ho er leiar for Vestland Natur og Ungdom, og har som nyttårsforsett å slutte og ete kjøt, samt å ha shoppestopp. Det er ho ikkje åleine om.

I år vil ho gjere sin innsats for å stoppe klimautsleppa, samtidig som ho viser andre at det ikkje er så vanskeleg. Ho vil få fram at å kjøpe brukt, betyr ikkje at produktet er dårleg eller øydelagt.

– Eg er hybelbuar, så det er viktig at det ikkje er for dyrt. Samtidig skal det ikkje koste miljøet så mykje, seier ho.

Stort engasjement

Saman med andre frå Natur og Ungdom, har Julie organisert bruktmarknad og skulestreik for klimaet. Ho har sett ei haldningsendring.

– Når eg seier at eg skal slutte å ete kjøt eller ha shoppestopp, så slengjer venane mine seg med. Det er kjempefint.

Ho er glad for å sjå at det har blitt ein trend å gjere personlege tiltak for miljøet.

– Fleire snakkar ope om tematikken i sosiale medium. Slik blir ordet spreidd.

Shoppestopp

Gjennom mobilappen Tise kan folk kjøpe og selje brukte ting. Victoria Hauk er marknadssjef for appen, som arbeider for at folk skal leve meir berekraftig. Så langt har heile 4000 delteke i shoppestoppkampanjen gjennom appen, så dei har merka seg trenden.

– Målgruppa til Tise er 18–24 år, men vi treffer også yngre og eldre. Det er eit mottakeleg og engasjert publikum, som er villige til å gjere ei endring.

Victoria Hauk er marknadssjef i gjenbruksappen Tise, som arbeidar for at folk skal ta meir bærekraftige val.

TIPS TIL BEREKRAFTIG FORBRUK: – Det er viktig å passe på at ein handlar kvalitetsplagg som kan vare lenge. Det seier Victoria Hauk, marknadssjef i gjenbruksappen Tise.

Foto: Tise

Appen oppfordrar folk til å ta meir berekraftige val, utan å snu seg heilt rundt. Dei ber ikkje folk om å slutte ete kjøt, ikkje shoppe eller å droppe flyreiser.

– Men at ein nedgraderer vanane sine litt.

Tipsa til Hauk er å kjøpe brukt, droppe spontankjøp og kjøpe kvalitetsprodukt når ein først må kjøpe noko nytt.

Kritisk til klimarørsla

Samfunnskritikar og skribent Espen Goffeng meiner det er nødvendig å minske forbruket vårt, men er skeptisk til måten klimaforkjemparane går fram på.

– Måten rørsla forsøker å vekse vidare på no, meiner eg bommar ganske kraftig.

Han er i mot moraliseringa som skjer av dei som ikkje er ein del av rørsla.

– Eg trur vi må fokusere meir på konkrete følgjer klimaendringane kjem til å føre med seg, for oss her oppe. Bodskapen til klimarørsla, slik den kjem ut no slår ofte feil, og vert lite effektiv.

Skribent og samfunnskritikar Espen Goffeng er engasjert.

SKEPTISK:– Fleire liberale menneske på venstresida har vanskeleg for å forstå andre enn seg sjølv. Dei godtek ikkje at andre kan reagere annleis på nokon bodskap, enn dei sjølv, forklarer Espen Goffeng.

Foto: Privat

Når Julie Aksnes Williams skal handle på butikken går ho ikkje tomhendt derifrå. Det meiner ho blir for kjipt. Ho vil ta kutta stegvis, og har starta med å kutte i kjøtforbruket.

– Så får eg sjå om eg held fram. Kanskje eg vert veganar ein dag.

Julie Aksnes Williams er på butikken for å handle inn til veka. Ho pakkar matvarene i ein tøypose ho har tatt med sjølv

KUTTAR I FORBRUKET: – Det handlar om å få ned det store forbruket vårt. Om alle kan kutte litt, har vi gjort veldig mykje, seier leiaren i Vestland Natur og Ungdom, Julie Aksnes Williams.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK