Hopp til innhold

No er det snart tomt for fôr

Fôrseljar Alf Steinhovden har dårleg nytt til bønder med tomme siloar – det kjem til å gå tomt for innkjøpt fôr før sommaren kjem. Når mai går mot slutten har han køyrt ut rundt 400 fulle lastebilar med fôr til bønder på Vestlandet.

Alf Steinhovden har hatt ein travel start på året på grunn av kraftfor mangel rundt i distrikta.

SNART TOMT: Alf Steinhovden har snart ikkje meir fôr å selje til bønder på Vestlandet. FOTO/REDIGERING: Patryk Smørdal.

Fjoråret skriv seg inn i historia som eitt av dei verste for bøndene på Vestlandet på lenge. Isbrann og lange kuldeperiodar førte til store skader på avlingane, og berre i Sogn og Fjordane vil det bli utbetalt 10 millionar kroner i erstatning for avlingssvikt.

Alf Steinhovden driv Vestfôr AS i Eikefjorden, og har drive med kjøp og vidaresal av grovfôr i 20 år. Aldri før har han opplevd ein etterspurnad som denne vintersesongen, og allereie no ser han det an til at det vil gå tomt.

– Frå juli i fjor til mai i år vil eg ha fått køyrt hit rundt 400 lass med fôr, og då greier eg ikkje skaffe meir. Eg har mykje fôr i bestilling, men no må vi ta atterhald om at vi ikkje greier skaffe nok.

– Nokre fôrtypar er vi allereie heilt tomme for, seier han.

Fortvilte bønder over heile Vestlandet

Alf Steinhovden er sjølv gardbrukar, og i sauefjøsen i Eikefjord har han sjølv greidd å få nok fôr i hus. Men mange bønder opplevde fjoråret som eitt av dei tøffaste på svært lenge, der dårleg vêr øydela for avlingane.

Mange bønder har måtte slakte ned delar av buskapen sin for å kome seg gjennom vinteren, og det har blitt kjøpt fôr frå Austlandet og Sverige for fleire millionar kroner.

Alf Steinhovden har vore i kontakt med mange bønder dei siste månadane. Dei fortel om fortvilande situasjonar.

– Eg har stor medkjensle for dei som måtte jobbe store delar av sommaren for å fornye enga si, seier fôrseljaren.

(Artikkelen held fram under)

Stardalen i Jølster våren 2013 - store delar av landbruksarealet er øydelagt av isbrann

BRUNE BØAR: I Stardalen i Jølster måtte mellom 80 og 90 prosent av jordbruksarealet såast opp att. Her gjorde vinteren og isbrann stor skade.

Foto: Bjørn Befring

Må hente resten i Sverige

Mange av bøndene han har levert fôr til denne sesongen er mangeårige kundar. Den største skilnaden er mengda dei bestiller. Store samdrifter har bestilt fire-fem lastebillass åleine.

Når vi no har bikka februar får ikkje Steinhovden tak i meir for frå Austlandet, og han jobbar no primært opp mot fôrprodusentar i Sverige.

– Det er svært lite att på Austlandet, og det er no i Sverige eg jobbar for å sikre meg nye parti.

– Har du opplevd før at det byrjar bli tomt på Austlandet allereie no?

– Vi har aldri hatt ein slik situasjon før. Det skuldast det store behovet for fôr på heile Vestlandet, og til dels også i Nord-Norge og andre stader, seier han.