No er det slutt på langstenging

Frå laurdag av er det slutt på langstenging på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Steinras Knarrura

RAS: Knarrura mellom Olden og Innvik har vore utsett for steinras siste tida. Sidan september har vegstrekka vore gjengangar på vegmeldingane, men frå i dag av er det slutt på langstenginga.

I vel to månader har det blitt arbeidd på spreng for å sikre vegfarande mot nye steinsprang i Knarrura.

Her har det siste tida gått fleire steinsprang, og ved skulestart kravde foreldre fortgang i både sikringsarbeid og tunnelplanar .

– Vi vart ferdig for ein liten time sidan. No er det berre litt ryddearbeid som står att, seier Terje Samuelsen i Statens vegvesen når NRK.no snakkar med han i 12.30-tida.

Krevjande arbeid

Siste raset gjekk i juli , og vegen var då stengd i fleire dagar. Etter å ha fått til ei mellombels sikring, tok sikringsarbeidet til for fullt att i byrjinga av september .

For fem-seks millionar kroner er det no hengt opp ubåtnett, fjellboltar og montert opp fanggjerde som skal ta imot dersom det kjem ned meir stein.

– Det var vore eit omfattande og vanskeleg sikringsarbeid. Fjellet er så oppsprukke og punkta så høgt oppe at vi ikkje har kome til med maskiner. Dermed må alt arbeidet gjerast manuelt. Vi har hatt fjellklatrarar hengande i tau, fortel Samuelsen.

Fekk ikkje sprenge

Fjellet er så oppsprukke at det ikkje har vore råd å sprenge.

– Då hadde du berre gjort meir skade. Dette har medført at du i staden må sikre med boltar, og det tek lengre tid. Det er ikkje anna å gjere enn å berre ta tida til hjelp, seier Samuelsen.

Medan arbeidet har gått, har vegen blitt stengd i lengre periodar. Alt frå kring halvannan time til tre timar i slengen.

Håpar på tunnel

– Det har vore mykje skilta og annonsert, så det har gått smertefritt. Eigentleg har det gått veldig bra, seier Samuelsen.

– Men no er det altså trygt å køyre forbi der?

– Ja, men vi håpar det kjem tunnel forbi der i løpet av fem-seks år. Det er jo planlagt tunnel, så får håpe fylkespolitikarane får prioritert det, avsluttar han.