Hopp til innhold

No er det slutt for NRK-kanalane på FM-nettet

FØRDE (NRK): No kan du ikkje lenger høyre NRK sine kanalar på FM-nettet i Sogn og Fjordane.

Her forsvinn NRK-kanalane frå FM-nettet

SJÅ VIDEO: Sjølve sløkkinga av NRK-kanalane skjedde klokka 11:11. Vi hadde besøk av P3Morgon-gjengen og radiolyttar Monica Sunde Tjønnås som fekk trykkje på knappen. Programleiar er Tone Merete Lillesvangstu.

Klokka 11:11 trykte radiolyttar Monica Sunde Tjønnås på ein symbolsk knapp. Saman med Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby i P3Morgon var ho gjest i dagens ekstrasending i samband med sløkking.

DAB-overgangen er gjort i ei rekkje fylke allereie, og i dag stod Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka for tur.

Distriktsredaktør Terje Gilleshammer meiner dagen er ein merkedag for NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar på Vestlandet.

– FM-nettet var ein revolusjon då det kom og har vore viktig for radioen i Sogn og Fjordane. No tek vi eit steg inn i ei ny framtid som gjev oss eit endå større tilbod av kanalar. Vi ser at det vekker sterke kjensler. Det forstår vi. Samstundes håpar vi at folk vil sjå at DAB blir ei god løysing i lang tid framover, seier Gilleshammer.

Har du spørsmål?

Mellom klokka 13 og 14 kunne lyttarane spørje om DAB på Facebooksida til NRK Sogn og Fjordane. Her finn du svara frå distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK og marknadssjef Jarle Ruud i Digitalradio Norge.