Florø-trenaren håpar på Rosenborg, men no er det seriekamp mot Åsane som gjeld

Florø-trenar Terje Rognsø har gjort seg ferdig med feiringa av cuptriumfen mot Hødd og konsentrerer seg no fullt og heilt om seriekampen mot Åsane laurdag.

Hødd - Florø

SJOKKERTE CUPMEISTRANE: Florø viste null respekt for laget som vart cupmeister i 2012.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I går kveld vart cupmeistrane frå 2012 banka 5-1 i si eiga leikegrind - Høddvoll. Florø fekk kampen akkurat slik dei hadde håpa, og kontra Hødd i senk.

Her kan du sjå høgdepunkta frå cupsigeren over Hødd. Foto: Harald Gjervik.

Trenar Terje Rognsø sa etter kampen at den gjekk akkurat som dei hadde planlagt. Like enkelt trur han det ikkje blir i seriekampen mot Åsane laurdag.

Terje Rognsø

FOKUS PÅ SERIEN: Trenar Terje Rognsø.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Eg håpar at vi har landa etter cupkampen. Det er alltid litt kaotisk etter eit slikt resultat. Kampen mot Åsane blir veldig vanskeleg, dei toppar tabellen og så reknar vi med å møte eit Åsane som ligg lågt og vil kontre, slik vi gjorde mot Hødd.

Åsane vart slegne ut av cupen av Sogndal onsdag, i ein kamp der 2. divisjonslaget var fullt på høgde og vel så det med Sogndal i store delar av kampen.

Håpar på Rosenborg

Og sjølv om fokuset til Florø-trenaren er på seriekampen laurdag så har han gjort seg nokre tankar om kva lag dei ynskjer seg i tredje runde i cupen. Uansett håpar dei på heimekamp med eit topplag på andre sida av bana, seier Rognsø.

– Det blir kjekt om vi får heimebane og ein god motstandar med tanke på cupstemninga i byen, det har også eit økonomisk aspekt. Vi gjorde ein sterk prestasjon i går, og vi håpar vi kan gjenta det.

Florø-trenaren håpar dei ikkje blir sett opp mot Sogndal, slik at Sogn og Fjordane har ein sjansen til å få to lag vidare til fjerde runde.

– Eg håpar å få Rosenborg, men det er ikkje så enkelt å tippe. Brann kan og vere aktuelt.

Og no er fotballstemninga på topp i Florø. Folk er stolte over å ha eit lag som gjer det så godt, ikkje minst når heile laget er oppfostra i byen.

– Det er lokale spelarar som neste alle har vore i klubben sidan dei var seks år gamle. Det er mange frå Florø som er stolte over laget og det vi har fått til.

Kampane i tredje runde skal spelast 5. juni.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.