Hopp til innhold

No er det optimisme i reiselivet

Den svake kronekursen skapar forsiktig optimisme i reiselivet. Ei næring som lenge har slite i motvind.

Arne Glenn Flåten

BRA START: Arne Glenn Flåten har sjeldan fått så mange tidlege bestillingar som i år. Kronekursen er ein av grunnane til at hotelleigaren er forsiktig optimist før neste års turistsesong.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Arne Glenn Flåten driv Vesterland Feriepark på Kaupanger i Sogn. Han er heilt avhengig av at turistar frå både inn og utland legg turen til han.

Og i år gler han seg over det han ser på bestillingane. Sjeldan har han fått så mange tidlege bestillingar som i år.

– Samanliknar vi starten av januar i år, mot i fjor, så har vi ein auke på 20 prosent berre på denne eine turoperatøren, seier han og peikar på skjermen.

Svak krone er godt nytt

Fjoråret var ganske lunkent for Vesterland Feriepark. Nedgangen i talet gjester var på heile ti prosent, og Flåten håpar no at botnen er nådd.

– Det skal ikkje mykje til for at sesongen blir betre enn den i fjor. Og med ein valutakurs som no kan det slå positivt ut, seier han.

2013 var ikkje noko godt år for den norske krona. Til dømes er euroen no elleve prosent dyrare enn på same tid i fjor. Men dette er godt nytt for turistnæringa. Ei svak krone gjer det nemleg billegare for utlendingar å feriere i Norge.

NHO gler seg

Også andre reiselivsaktørar opplever eit oppsving. Og sjølv om det er tidleg å konkludere, gir tala grunn til optimisme.

Wenche Salthella i NHO Reiseliv er ei av dei som gler seg over den svake krona.

– Norge er eit høgkostland, med høge lønningar i forhold til landa vi konkurrer mot. Difor har kronekursen ein del å seie, seier ho til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Times Square

REKLAME: Her på velkjende Times Square i New York skal det opp eit kjempestort bilete av idylliske Nærøyfjorden i løpet av mars. Målet er at det skal lokke eventyrlystne amerikanarar over dammen.

Foto: Jason DeCrow / Ap

Trur på litt vekst

Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord, trur også på ein liten oppgang.

– Vi er litt forsiktige optimistar. Det har vore nedgang i eit par år, og eg trur ikkje vi får noko stor oppgang no. Men at det kan vere stabilt, eller litt vekst, det har vi trua på, seier han.

I Sogn og Fjordane er reiselivet spesielt vare for endringar i kronekursen. For det er nettopp utanlandske turistar som skal fylle opp hotella om somrane.

Brandshaug trur det er russiske, kinesiske og sørkoreanske turistar som vil stå for mykje av veksten.

(Artikkelen held fram under)

Ståle Brandshaug

MARKNADER I VEKST: Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord, trur vi i år vil få sjå fleire russiske, kinesiske, amerikanske og sørkoreanske turistar.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Ventar innrykk av amerikanarar

I tillegg spår han i år eit inntrykk av eventyrlystne amerikanarar.

– Det blir no køyrt ein kampanje i høve Disneyfilmen «Frost». Det er ein kampanje der ein investerer mykje pengar, og Bergen og Sognefjorden er dei to produkta i Norge som blir trekte fram, fortel Brandshaug.

Filmen er i stor grad inspirert av norsk kultur og natur, og filmskaparane var i Norge for å få inspirasjon. I reklamekampanjen blir det vist til korleis det eventyrlege landskapet i filmen er inspirert av nettopp Norge.

I tillegg skal eit stort bilete av Nærøyfjorden hengjast opp på Times Square i New York.

– Eg trur vi vil kunne sjå effekten av desse tinga alleire no, og at vi får fleire gjester frå USA alt denne sommaren, seier Brandshaug.

– Dette treng vi

Hotelleigar Arne Glenn Flåten på Kaupanger i Sogn seier ein oppsving er noko dei sårt treng.

– Vi håpar å få ein auke i talet gjester. Vi treng det, og det gjer heile regionen.