Hopp til innhold

No er det klink is på vegane: – Det verste eg har vore med på

Etter ein dag med gode køyreforhold i fylket har det no blitt plussgrader fleire plassar, og det er meldt om særs glatte vegar.

Glatt veg

– Eg har hatt sertifikatet i 30 år og køyrer om lag 50 000 kilometer i året. Dette er det verst eg har vore med på. Eg låg i 20 kilometer i timen gjennom heile Fjærland, seier ein innringar til NRK.

Strekninga som er verst er gjennom Sogndalsdalen og gjennom Fjærland.

Fleire plassar i landet har det vore ekstremt glatte vegar gjennom tysdagen, men i Sogn og Fjordane har det gått roleg for seg – inntil no.

– Det stod fleire bilar i grøfta og fleire vogntog var i gang med å legge på kjettingar, seier innringaren.

Også på Strynefjellet er det glatt tysdag kveld og eit vogntog står fast på veg opp.

– Entreprenøren er varsla og send ut for å strø strekningane. Utfordringa er at det har slått over til plussgrader, seier trafikkoperatør Kjetil Larsen.

Statens vegvesen seier klokka 23.00 tysdag kveld at det no skal vera entreprenørar på plass for å strø, og at dei håper det ikkje vert verre iløpet av natta.

Som frykta

Tidlegare tysdag frykta vaktoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen at køyreforholda på vegane skulle bli verre utover ettermiddagen og kvelden.

Det same gjorde brøytebilsjåførar i Sogndalsdalen som NRK møtte, medan det framleis var minusgrader i lufta.

– Kjem det mildvêret vert det blåis med ein gang. Då vert det ekstra utfordrande, sa brøytebilsjåfør Per Hilleren.

Brøytebilsjåfør Per Hilleren

LANG ERFARING: Per Hilleren har brøyta vegar sidan 1989 og veit kor krevjande vegane i Sogndalsdalen kan bli.

Foto: Bård Siem / NRK