NRK Meny
Normal

Skal du over fjellet i helga? Då bør du leggje om til vinterdekk...

Vi går ei kald og våt helg i møte.

Vikafjellet

BLIR DET KVITT?: Dette er Hola bom på Vikafjellet sett gjennom webkameraet til Statens vegvesen torsdag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

– Det kan vere fare for snø. Det ligg veldig i grenseland, og særleg frå natt til laurdag til laurdag føremiddag er snøgrensa lågast. Då kan det leggje seg snø ned mot 1.200 meter i fjellet, seier statsmeteorolog Trond Thorsteinsson.

Han melder at det kan bli ein kjølig slutt på veka. Og om snøen ikkje skulle melde sin retur heilt endå, blir det i alle fall vått.

– Det held fram med regn i heile fylket, i alle fall i kveld, fredag og laurdag, seier han.

Det ser altså ut til at det blir ei perfekt anledning til å nyte frihelga innandørs. Eventuelt veksle mellom å springe inn og ut.

– Det er snakk om byer, så du kan også sjå på det som periodevis opphaldsvêr om du vil, seier han.


Betre frå laurdag kveld

I løpet av laurdagen vil byene gje seg, og søndag og måndag vil vêret bli finare og temperaturen stige.

– Ein skal til og med ikkje sjå bort frå eit gløtt av sol på søndag, seier Thorsteinsson.

Og når sola tittar fram, vil temperaturane stige.

– I motsetnad til temperaturar rundt 10 grader fredag og laurdag, vil det bli litt varmare på søndag.

Yr.no 24.09.15

VÅTT: Vêrutsikter for Sogn og Fjordane denne helga.

Foto: Skjermdump / Yr.no

Sjekk vidare fylkesvêrvarsel på yr.no.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast