Hopp til innhold

No er det berre Gloppen som gjeld for Eid

Eid kommune vrakar nok eit storkommunealternativ. No vil dei konsentrere seg fullt og heilt om ei samanslåing med Gloppen, til fordel for kommunane i ytre Nordfjord.

Alfred Bjørlo

ALTERNATIV: Eid ordførar, Alfred Bjørlo, har hatt mange alternativ til samarbeidskommunar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har fatta ei samstemd avgjerd om å droppa alternativet med Vågsøy, Vanylven og Selje. No konsentrerer vi oss om samtalar med Gloppen om ei samanslåing, seier Eid ordførar, Alfred Bjørlo.

Det vart bestemt under eit møte torsdag.

Heilskapen avgjorde

Alternativa har vore mange og diskusjonane har vore lange. Bjørlo er nøgd med at det no har blitt tatt ei avgjerd.

– Eg har stor tru på ein sterk kommune i midtre Nordfjord med 12 000 innbyggjarar, slått saman av Eid og Gloppen, seier ordføraren.

– Kva gjorde at ein enda opp med dette alternativet?

– Det er heilskapen som avgjorde og eg trur vi kan utvikla oss best saman med Gloppen. Kommunane har felles mål for samfunns- og næringsutvikling, svarar Bjørlo.

Tidlegare denne månaden vart det klart at Stryn, Hornindal, Eid og Gloppen vraka alternativet om å bli ein storkommune i Nordfjord.

Vil likevel samarbeide

Sjølv om det ikkje blir storkommune i Nordfjord, er det framleis god stemning mellom kommunane.

– Vi vil halde på det gode samarbeidet med desse kommunane, seier Bjørlo.

Og sjølv om Eid no ser mot Gloppen for kommunesamanslåing er det ikkje uaktuelt å bli ståande for seg sjølv og halde fram som eigen kommune, ifølgje ordføraren.

Forhandlingsutvalet i Eid og Gloppen tek sikte på å utarbeida ein ferdig intensjonsavtale for vidare politisk samarbeid i løpet av januar 2016.