Hopp til innhold

No er denne på veg til Flåm

Etter fleire rundar med utsetjingar er "Visions of the fjords" endeleg på fjorden. Ifrå tysdag kan du kjøpe deg ein tur, men allereie i helga kan du ende opp på den særeigne båten utan at du ventar det.

Visions of the Fjord på testtur på Hyenfjorden

LADBAR: den ladbare hybridbåten er den fyrste i sitt slag

Foto: Vendel Hausken / The Fjords

– No er vi på veg til Flåm. Vi forlot Hyen klokka seks i dag tidleg, og vi ventar å vere framme i Flåm i totida i dag. Det seier Rolf Sandvik i The Fjords.

Den ladbare hybridbåten kan også gå på diesel, men Sandivk seier at dei skal prøve å ikkje gjere det så mykje. Stort sett vil han altså gå på straum, og no framover skal han gå att og fram mellom Flåm og Gudvangen på Nærøyfjorden.

forlet

PÅ VEG TIL FLÅM: Her er den særeigne båten utanfor florø, på veg til Flåm

Foto: Vendel Hausken

Skuggebåt

Det er altså ikkje før på tysdag at ferja ska byrje å gå i fast rute, men allereie i morgon skal han faktisk setjast i trafikk.

– Vi kjem til å setje inn båten som ein "skugge". Det tyder at han erstattar nokre av dei vanlege båtane, utan at passasjerane får greie på det på førehand. Allereie i morgon vil ein del passasjerar altså få oppleve båten.

Vision of The Fjords på testtur på Hyenfjorden
Foto: Vendel Hausken / The Fjords

Det er godt over eit år sidan reiarlaget bestilte ferja ifrå Brødrene Aa i Hyen, og etter planen skulle han ha vore i rute allereie 1. juni. Så er også båten den første i sitt slag i heile verda, så ein lyt kanskje rekne med litt forseinkingar.

– Dette er verdas første hybridskip i karbon, og det å byggje ein prototype er aldri heilt enkelt. Utsettinga på snart to månader er kanskje ikkje så ille, når ein ser på kva vi eigentleg har bestilt og kva vi kjem til å få, seier Sandvik.

"Vision of The Fjords", interiør

I RUTE PÅ TYSDAG: på tysdag går båten i vanleg rute

Foto: Brørdrene Aa

Har jobba på spreng

Dei siste dagane har reiarlaget jobba på spreng for å få alt i stand til den utsette sjøsetjinga. Langt inn i dei seine nattestimar har dei testa alt utstyret og fått alt i stand. Til sist ser det altså ut til at alt endeleg er klart.

Sandvik trur folk vil like det dei får sjå.

– Eg både trur og håpar at det vil vere verdt all ventinga og utsetjingane. Det kjem til å bli ei særeigen reiseoppleving, og noko ganske annleis enn dei vanlege ferje som no går på nærøyfjorden.