Hopp til innhold

No er denne krabaten på veg tilbake på hustaka

Fiskemåsen er i desse dagar på veg tilbake til hustaka. Så om du vil unngå skrik og skrål over hovudet må du gjere noko no.

Fiskemåse i Sylan

SKRIK OG SKRÅL?: Han veit å gje lyd ifrå seg, fiskemåsen. No er han i gong med å finne seg eit hekkeområde. Mest sannsynleg på eit hustak eller industritak.

Foto: Gunn Nyborg

Når reiret først har hamna på taket ditt er det beskytta av lova. Så du bør heller ha nokre førebyggande tiltak klare. Det skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Er du ein av dei som irriterer deg grøn over måseskrik og spring i sikksakk frå hus til bil fordi måsen har blitt for nærgåande, eller tenkjer du ikkje så mykje på den store kvitgrå fuglen? Uansett, i desse dagar førebur måsen seg til årets hekkesesong.

Mange vil helst unngå å ha fiskemåsen på taka sine, og industritaka vert ofte fylt opp av desse fjørkledde skapningane.

Måsen på raudlista

Dei siste tiåra har fiskemåsebestanden gått kraftig ned på kysten. Sidan 80-talet har sjøfuglreservata i Sogn og Fjordane gjennomført teljingar frå 80-talet og fram til i dag. Tala viser at hekkebestanden av fiskemåse er redusert med 70 prosent på grunn av dårleg næringstilgang. Fiskemåsen er no på den norske raudlista over sårbare artar.

Industritak har blitt relativt trygge plassar for måsen å hekke, men den lagar jo gjerne litt spetakkel. Kommunen kan gje løyve til skadefelling sjølv om dei fleste skadetypane i skadefellingsforskrifta er uaktuelle for fiskemåsen sin del.

Skadefelling av måse

– Skadefellingsløyve vert berre gjeve dersom andre løysingar er utprøvd og desse ikkje løyser problemet, skriv Fylkesmannen.

Utover det skal skadefelling berre skje av dei måsane som gjer skade på staden der skaden vert gjort, og skaden skal ha skjedd før skadefellingsløyve vert gjeve. Kommunane har heller ikkje lov til å gje løyve til å fjerne måsereir.

Fylkesmannen kjem derimot med ein del tiltak slik at du kanskje kan unngå besøk av fiskemåsen:

  1. Industritak kan sperrast av med eit nettverk av trådar som hindrar måsane i å lande.
  2. Ferdsel på taket ein gong eller to om dagen i etableringstida kan få måsane til å finne andre hekkeområde.
  3. Ein kan også setje av eit anna område der måsane kan få hekke i fred utan ferdsel av menneske eller hundar.

Det er fullt mogleg å leve i god naboskap med fiskemåsen, skriv Fylkesmannen til slutt.