NRK Meny
Normal

No er denne brua på veg til Sogn

Sundag gjekk dei første delane av ståkonstruksjonen til Loftenesbrui med båt frå verftet i Polen.

Slep C

STORE KONSTRUKSJONAR: Fredag kveld vart det siste av dei to sidespenn løfta over på lekter på verftet i Stettin i Polen.

Foto: Statens vegvesen

– Det nærmar seg montering av den nye brua, og vi gler oss til å sjå korleis det vil sjå ut når sidespenn og hovudboge kjem på plass, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

I Sogndal er fundamenta støypte og alt er klart til å ta i mot sjølve brukonstruksjonen.

– Brukonstruksjonen som er i stål er produsert i Polen, og det er den som no er på veg til oss med båt, seier Solbakken.

Bruboge

MED EIGEN BÅT: Også Hovudspennet er i ferd med å verte klart, og skal etter planen gå frå Polen om nokre dagar.

Foto: Statens vegvesen

Montering i veke fem

Dei to seksjonane som skal stå på kvar si sida av brua veg 430 tonn kvar, og skal fraktast sjøvegen opp over Skagerak, vidare langs Norskekysten og inn Sognefjorden. Lekteren gjekk ut frå Polen søndag føremiddag, rundt klokka 12.00.

– I tillegg kjem det som vi kallar midtspennet, den midterste delen av konstruksjonen, på ein eigen båt om nokre dagar, seier Solbakken.

Arbeidet med Loftesnesbrui er no sett i gang.

Stort arbeid

Sjølv om Statens vegvesen reknar med å kunne starta montering av stålkonstruksjonane i veke fem, er det framleis mykje arbeid som står att før dei første bilane kan køyre over den nye Loftesnesbrui.

Gunnar Solbakken

KLAR I DESEMBER: Prosjektleiar Gunnar Solbakken reknar med at dei første bilane kan køyre over nye Loftesnesbrui i desember.

Foto: Statens Vegvesen

– Når ståkonstruksjonen er på plass skal vi støype sjølve dekke som ein skal køyre på, seier Solbakken.

I tillegg skal det settast opp lys, monterast rekkverk. Det må og gjerast tiltak på tilførselsvegane. Blant anna skal det støypast ein stor betongkonstruksjon i samband med rundkøyringa på Nestangen.

– Går alt som det skal håpar vi at dei første bilane kan køyre over den nye brua i desember, seier Solbakken.

Heile prosjektet, inklusive riving av gamlebrua, skal vere gjennomført i løpet av sommaren 2018.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser