Hopp til innhold

No er den nye skulen i Vågsøy opna

MÅLØY (NRK): Etter å haldt ut i både ein falleferdig skule frå 60-talet i og i ein mellombels brakkeskule, har ungdomsskuleelevane i Måløy endeleg fått seg nyt skulebygg. .

vågsøy ungdomsskule

NY SKULE: Den nye ungdomsskulen i Måløy opna 2. januar 2018.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Den gamle skulen var ikkje fin, og det var veldig dårleg luft der. Vi hadde mugg i vindauga, og ting var ekkelt. På det nye skulen er det mykje finare og mykje lysare, seier tiandeklassing Hannah Nygård.

Ho er ikkje den einaste som er strålande fornøgd med å ha kome over i eit nytt skulebygg. Gamleskulen i Måløy er frå 1965, og det å få bygd nye Vågsøy ungdomsskule har vore planlagd i årevis.

Vindauge på gamleskulen i Vågsøy

SLITEN: Den gamle skulen i Vågsøy var sliten. Her er eit vindauge.

Foto: Silje Guddal / NRK

Elevane har sjølv etterlyst ny skule, og har fått kome med innspel i utforminga av bygget. No er dei fornøgde med å bli kvitt den gamle skulen.

– Det var veldig kjedeleg, for den dårlege lufta gjorde til at vi alltid krangla om kva vindauge vi skulle ha oppe. Det vart altfor kaldt, men så var det så dårleg lufta at folk sleit med å puste skikkeleg om vindauga ikkje stod oppe, seier Sara Cox Kvalheim.

Elevar ved Vågsøy ungdomsskule

LIKAR SEG: Dei tre elvane Hannah Nygård, Sara Cox Kvalheim og Shahoz Shwana likar seg godt på den nye skulen, etter to dagar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ein god skule for si tid

Rektor ved Vågsøy ungdomsskule Kåre Bakke har jobba ved den gamle skulen sidan 1987. Han ser heilt klart at det gamle bygget hadde sine avgrensingar.

– Sjølv om dei på som bygde den på mange måtar var framsynte. Men dei hadde ikkje like mykje erfaring å byggje vidare på som vi har i dag. Bygget var ikkje tilpassa den praksisen som skal vere der, seier Bakke.

Den ny skulen er bygd for ei heilt anna tid, og har mellom anna fått universell utforming. Det tyder at bygget har konstruert på måtar som skal gjere det tilgjengeleg for flest mogleg.

Rektor Kåre Bakke ved Vågsøy ungdomsskule

NØGD: Rektor Kåre Bakke er strålande fornøgd med å ha flytta inn i nytt skulebygg

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det handlar om slike ting som ei linje i golvet som gjer at svaksynte kan føle seg fram dit dei skal.

Og også elevane sjølve trur det nye skulen skal gje eit betre læringsmiljø for dei fleste.

– Det gir jo mykje betre konsentrasjon når vi får betre luft. Også er det kjekt å få meir plass. Eg trur eigentleg berre alt blir betre no, seier niandeklassing Shahoz Shwana.