Hopp til innhold

No er sirkusdirektøren tilbake i manesjen

Ein gong sirkushest, alltid sirkushest. 40 år etter at Jan Ketil Smørdal byrja balansere på eit tau mellom utedoen og epletreet, står han igjen i manesjen.

Jan Ketil Smørdal på generalprøva

KLAR TIL DYST: Etter snart åtte år vekke frå manesjen er Jan Ketil Smørdal klar til dyst igjen. Biletet er teke under generalprøva tysdag kveld, før det brakar laust med førestillingar utover våren og sommaren.

Foto: Privat

– Det er noko med at den kjende sagflisa freistar. Så no har eg teke den største risikoen eg nokon gong har teke, og køyrer i gong på nytt.

Den 52 år gamle mannen må ha vore fødd med eit sirkusgen i seg. Berre 16 år gamal debuterte han som sirkusartist, og i tre sesongar var det han som fekk publikum til å gispe då dei fekk sjå han gjere stunt på lina under Cirkus Merano sine show land og strand rundt.

– Det vart ein stor sensasjon sidan det var fleire tiår sidan ein hadde hatt ein norsk sirkusartist, minnest Smørdal.

Jan Ketil Smørdal i starten av karriera

LANG KARRIERE: Jan Ketil Smørdal var berre 12 år gamal då han første gong begynte å gå på line heime i hagen i Hjelmelandsdalen i Nordfjord. Her er eit lite utdrag frå ein dokumentar om Smørdal som vart laga i 1991.

Dreiv sirkus i 20 år – så kom konkursen

Når eidaren no har investert millionar av kroner i eit nytt sirkustelt som kan huse 700 personar, eit 20-tals køyretøy og hyra inn eit sirkusmannskap på vel 40 personar, så er det fordi han veit kva han driv med.

Jan Ketil Smørdal i starten av karriera

KJENDIS: Jan Ketil Smørdal vart raskt ein yndling og fekk spalteplass både i lokal og nasjonal presse.

Foto: Arkivbilete / NRK

Etter å ha gjort stor suksess som lineartist starta han sitt eige sirkus i 1989. Då var han sjølv berre 24 år gamal. I 20 år reiste han rundt med showet sitt i alt av krikar og krokar av landet, før han måtte legge inn årene i 2008. Året etter prøvde han på nytt, men måtte slå seg konkurs igjen.

Våren og sommaren 2017 får Cirkus Agora nytt liv og er klar for å turnere landet rundt.

– Eg er veldig glad eg har vore litt vekke frå det og kome meg vekk frå den bobla, vedgår Smørdal.

For etter konkursen i 2009 tok den velkjente sirkusdirektøren med seg glansnummera og dei glitrande dressane og prøvde noko anna. Dei siste åra har han formidla kjærleiken for sirkuslivet til både gamle og unge gjennom tiltak som Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken. Han har hatt store og små show, og aldri lagt skjul at han elskar sirkus.

Smørdal på "Ja, vi elsker" i 1998

TRIKS PÅ LINE: Her kan du sjå litt av linekunsten til Jan Ketil Smørdal. Dette er frå programmet "Ja, vi elsker" i 1998.

Satsar alt

Og som sagt, ein gong sirkushest, alltid sirkushest. Med det som skal vere ein morosam klovn, kanskje verdas smartaste hund, og sjonglørar som har begeistra publikum i heile Europa, så går Jan Ketil Smørdal inn med alt – ein gong til.

– Sirkusbransjen har slite veldig. Cirkus Merano er dei som har klart seg best økonomisk, men dei gav seg i 2014. Cirkus Arnardo fekk monopol og hadde to gode år i 2015 og 2016. No er det vi to sirkusa igjen.

– Så får vi håpe det er liv laga for oss begge.

Sjongløren Antonin Rapolli og partneren Helena

SJONGLØR: Sjongløren Antonin Rapolli og partnaren Helena har sjarmert mange rundt om kring i Europa. No skal dei ut på turne med Cirkus Agora.

Foto: Cirkus Agora