NRK Meny
Normal

No er sveleautomaten – og el-ferja – endeleg i drift

ANDA (NRK): I ettermiddag vart den første av to el-ferjer på Anda-Lote sett i drift. Det er over tre veker seinare enn planlagt, men dei mykje omtala svelene var på plass i automaten.

Sveler i automat på Anda-Lote

PÅ PLASS: På dei nye ferjene vil det ikkje bli servert ferske sveler frå kiosken, men sveler får ein framleis. Frå automatar.

Foto: Silje Guddal / NRK

– For oss og heile organisasjonen er dette ein stor dag. Vi har gleda oss veldig til dette. Dette er det første heilelektriske sambandet i verda, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.

Dei to ferjene skulle ha vore i drift frå 1. januar, men dårleg vêr gjorde at turen frå Tyrkia tok lengre tid enn planlagt.

– Det var krevjande og utfordrande forhold for ei ferje som er bygd for å gå i ein fjord med eit par meter høge bølger. På turen oppover måtte vi over ope hav og møtte bølger på over sju meter. Det gjorde at turen tok litt lengre tid, seier kaptein Knut Tore Myklebust på MF «Gloppefjord», som var med frå Tyrkia og opp.

MF Gloppefjord på Anda Lote

NY OG GAMMAL: Dette bildet er tatt frå MF «Gloppefjord» før den første turen. Framfor ligg MF «Sognefjord» som skal gå fram til den andre batteriferja kjem i drift.

Foto: Silje Guddal / NRK

Svelene på plass

Oddmar Drage og Inger Lise Drage, dei første passasjerane på MF «Gloppefjord»

FØRST OVER: Oddmar Drage og Inger Lise Drage vart dei første passasjerane med den nye ferja. – Det var heilt tilfeldig at vi kom ombord på denne ferja, så velkomsten var strålande, seier dei.

Foto: Silje Guddal / NRK

MF «Gloppefjord» kom først av dei to ferjene, medan MF «Eidsfjord» framleis ikkje har kome lengre enn til kysten nord i Spania.

Og på plass til den første turen var også dei mykje omtala sveleautomatane. For reaksjonane lét ikkje vente på seg då Fjord 1 fortalde at dei ikkje skulle laga ferske sveler om bord på dei nye ferjene.

– Vi har aldri tenkte at vi ikkje skulle selje sveler, men at vi skulle gjera det på ein måte. Vi skal no selje flotte og gode sveler frå automat. Eg har stor tru på det, seier Neteland.

Anda-Lote ny ferje. Alfred Bjørlo (Eid), Leidulf Gloppestad (Sp) og Dagfinn Neteland

OPNING: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) var med på opninga, saman med Fjord 1-direktør Dagfinn Neteland.

Foto: Silje Guddal / NRK