Hopp til innhold

No er dei sterkast i Norden

To sunnfjordingar gjekk heilt til topps i den nordiske meisterskapen i vektløfting i dag.

Vebjørn Barlid i rykk

JUBEL: Vebjørn Varlid i rykk, då han vart kåra til Nordisk meister i vektløfting i Upplands Väsby i Sverige.

Foto: Tryggve Duun

– Eg såg ut frå påmeldingslista at svensken var favoritt, men eg tenkte at eg kunne ta han om eg hadde flyt og trefte på taktikken. Og det gjorde eg i dag, seier ein glad Vebjørn Varlid frå Førde.

Vebjørn Varlid i treningshallen i Naustdal

STERKAST: Vebjørn Varlid kan no titulere seg som den sterkaste personen i Norden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han gjekk heilt til topps i den tyngste klassa, (+105 kg), i Nordisk meisterskap i vektløfting i Sverige i dag. Og det meiner han er den største idrettsprestasjonen han har gjort nokon gong.

Varlid som for fem år sidan fekk ein alvorleg kneskade, vart ståande med 152 kilo i rykk og 182 kilo i støt som beste resultat.

– Eg har vore nordisk meister ein gong før, og det var i 2010. Men det kjennest endå betre ut i dag. Det var fleire deltakarar med, jamn matching og eit tyngre løft denne gongen. Når det gjeld internasjonale meritt så er dette det største eg har vore med på, seier Varlid.

To nordiske vektløftarmeistrar

Og han var ikkje den einaste sunnfjordingen som gjorde det godt i meisterskapen i Sverige i dag. Sindre Rørstadbotnen frå Naustdal gjekk nemleg heilt til topps i den nest tyngste klassen, (105 kg).

Sindre Rørstatbotnen

Sindre Rørstadbotnen i rykk under nordisk.

Foto: Tryggve Duun

Naustedølen rykka 139 kilo og støytte 183 kilo.

– Eg rauk ut i NM, så eg hadde eit stort behov for å gjere det godt denne gongen, så dette kjennest ekstra herleg. Heilt rått faktisk, seier Rørstadbotnen som akkurat no sit på flyplassen på Arlanda saman med Vebjørn Varlid og resten av den norske gjengen som kjem heim i kveld ein gong.

– Kor stort er dette for deg?

– Dette er veldig stort. Eg har tidlegare tatt både sølv og bronse, så det er utruleg herleg å no kome heilt til topps. Eg har trent godt og heldt lav profil for å halde fokus den siste tida. Det har funka for meg, seier ein glad vektløftar som er på veg heim for å feire sigeren.

– Ja no skal vi feire skikkeleg. Det har vi fortent, seier Rørstadbotnen.