NRK Meny
Normal

No er dei sikta for milliontjuveri i 11 saker

Politiet har sikta tre rumenarar i 20-åra for 11 tjuveri i millionklassen. Men dei kan bli sikta for langt fleire tjuveri.

Innbrotstjuvar tek seg inn på Biltema.

SJÅ VIDEO: I Førde øydela tjuvane for større verdiar enn dei fekk med seg. Men totalt har dei tre sikta fått med seg verdiar for fleire millionar, stadfestar politiet.

– Per no er komplekset på 11 saker, men vi ser ikkje bort frå at det kan dreie seg om opp mot 30 saker, seier konstituert politioverbetjent i Hordaland politidistrikt, Bernt Erik Olsen.

To av dei braut seg inn på biltema i Førde i starten av november. Dei greidde ikkje å bryte seg inn i safen, forlèt bilen på ein skogsveg, og stakk av. Ei veke seinare, då dei gjorde det same på Askøy, vart ein av dei arresterte etter ein leiteaksjon.

Tjuveri for fleire millionar

Politiet har lenge jobba for å identifisere den andre gjerningsmannen i Førde, og har no lukkast. Olsen fortel at dei har sikta tre menn for totalt elleve saker.

Sakene er fordelte på Hordaland, Sogn og Fjordane og Haugaland politidistrikt, med hovudtyngda i Hordaland.

– Vi jobbar med å skaffe oversikt frå bedriftene om kor store verdiar det er snakk om. Men det kjem til å kome opp i fleire millionar kroner i stolne verdiar og skader på bygg, seier Olsen.

Innbrot Biltema

TOK SEG INN: Tjuvane tok seg inn gjennom ei rute på baksida av Biltema i Førde. Her øydela dei både ruter og fleire dører.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I all hovudsak kontantjuveri

Brotsverka varierer frå tjuveri, til tjuveriforsøk og tjuveri av motorvogner og registreringsskilt.

– Det i all hovudsak snakk om tjuveri av kontantverdiar frå bedrifter. Vi har og ein del andre forhold av mindre alvorleg karakter, seier Olsen.

Politioverbetjenten, som jobbar ved eininga for mobile vinningskriminelle, vil ikkje seie noko om den endelege siktinga, eller om politiet mistenkjer at fleire kriminelle er knytte til gruppa.

– Talet på saker blir utvida etter kvart, så den endelege siktinga vil eg ikkje seie noko om. Vi har sikta tre personar for tjuveria, seier Olsen.

Fann stolen bil

HIT, MEN IKKJE LENGER: Den stolne bilen som vart nytta i Førde, var køyrd så langt som mogleg på skogsvegen, før han var forlaten med eit hjul dinglande i lause lufta.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.