Hopp til innhold

No er dei klare for nytt Landsskyttarstemne

Neste år blir fylket og Førde hovudstad for eitt av Norges største idrettsarrangement. Landsskyttarstemnet skal gå av stabelen i Kråkenesmarka i Førde, for fjerde gong.

Christian Rekkedal og Jarle Tvinnereim

LANDSSKYTTARSTEMNET 2017: Christian Rekkedal, leiar i hovudkomiteen og Jarle Tvinnereim generalsekretær i det Frivillige Skyttarvesen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi er i rute, men no skal vi skal vi heller ikkje gjere så mykje arbeid på anlegget, som vi gjorde før stemnet i 2008. Slik sett er det enklare for oss å kome i mål denne gongen, seier Christian Rekkedal, som er leiar for hovudkomiteen for Landsskyttarstemnet i Førde 2017.

I månadsskifte juli/august neste år kjem nær sagt det som kan krype og gå av aktive skyttar til Førde. Sist var det 5000 påmelde skyttarar. I løpet den veka arrangementet går føre seg reknar Rekkedal med at dei kjem til å doble talet på innbyggarar i Førde.

– Det er stort. Ordføraren i Førde har sagt at Landsskyttarstemnet skal verte vårt OL. Først tenkte eg at det var litt voldsomt, men etter å ha sjekka litt fann eg ut at det er færre enn 5000 deltakarar på eit vinter OL, seier Rekkedal.

Nøgd med førebuingane

Torsdag var det Frivillige Skyttarvesen på synfaring for å sjå at alt går slik det skal.

– Det er veldig bra. Førde er generelt flinke til å planlegge arrangement. Dei har vore flinke til å gjennomføre, og eg meiner dei er godt i rute. Eg er sikker på at dette er i trygge hender, seier Jarle Tvinnereim, som er generalsekretær i det Frivillege Skyttarvesen.

Han peikar på at Førde leverte eit veldig godt arrangement i 2008. Den gongen sørga vêret for at det vart ei flott ramme rundt skyttarstemnet.

– Etter mi meining var det eit av dei beste Landasskyttarstemna som har vore leverte, seier Tvinnereim.

Treng husrom

Ei av dei store oppgåvene for arrangørane bli å skaffe god overnatting til alle som kjem.

– Det største grepet vi gjer, er at vi opprettar ein skyttarcamp. Førre gong laga vi ein mellombels camping for 900 campingvogner, seier Rekkedal.

I tillegg så formidlar dei også utleige av hus for dei som ynskjer å leige vekk huset sitt i samband med Landsskyttarstemnet.

– Vi er glade for alle som legg til rette for overnatting, for det er viktig at alle dei som kjem til Førde får gode overnattingstilbod. Vi har eigentleg meir enn nok med å gi gode tilbode til dei som skal vere på campen, seier Rekkedal.