Fram til 1. november kan du stemme på den kandidaten du meiner fortener å bli årets gründer. Prisen blir delt ut under Temposeminaret i Florø 1. november.
Proresult heiter verksemda som vart starta i 2007 av Andreas Haug. No har han fått med seg to karar til på laget, og saman satsar dei på nå nye marknader med produkta sine; programvare for timeregistrering i bygg- og anlegg.
– Systemet er lagt opp slik at det er den einskilde tilsette i dei ulike bedriftene som fører arbeidstimane sine på mobiltelefonen. Dei som har valt å gå inn på denne programvaren har erstatta tradisjonelle timelister med timeføring på mobil, pc eller nettbrett. Ein enklare og meir rasjonell måte å gjere det på, fortel marknadssjef Rolf Strømmen.
Fekk gode idear
Dagleg leiar Andreas Haug er stornøgd med at Proresult no er ein av finalistane til den store gründerprisen.
– Først og fremst så synes eg det er inspirerande at vi har blitt plukka ut og blitt omtala på den måten. Det er ein inspirasjon som vi skal ta med oss vidare i alle fall, seier Haug.
- LES OGSÅ:
Han jobba for verksemda Totaldata då ein av dei store entreprenørane her i fylket kom med ein tanke om at ting burde gjerast enklare i bransjen.
– Entreprenør Terje Sunde kom til oss då eg jobba i Totaldata med ein problemstilling som han hadde knytt til hovudsakleg timelistene. Han er i dag medeigar i selskapet. Dvergsdal & Sunde har stått for mykje av ideen og lagt mykje av premissane for korleis dette skal fungere, fortel Andreas Haug.
– Spennande bedrift
Juryen bak gründerprisen er særs nøgd med det dei har fått vite om Proresult, og meiner at dei er ein svært god finalist.
– Eg synes det er ei spennande bedrift som tek utgangspunkt i å leggje til rette verktøy for ein stor bransje. Det å bruke våre lokale bedrifter som prøvekanin for eit slikt produkt, og vidareutvikle det i lag med brukarane er spennande, seier jurymedlem og banksjef Arvid Andenæs.
Saman med Simen Staalnacke frå Moods of Norway og Innovasjon Noreg-sjef Halvor Flatland, skal han vere med og bestemme kven som får prisen og prispengane på 100.000 kroner.
– Om vi vinn går pengane rett inn i bedrifta, sler dagleg leiar Andreas Haug fast.