Hopp til innhold

Her blir Daniel (3) medlem av eit eksklusivt lag

Hugsar du vesle Daniel (3) som var svært glad i gamalost? No er han del av eit svært så eksklusivt lag.

Hugsar du sjarmøren Daniel som elskar gamalost? I helga kom han i godt selskap som æresmedlem i Gamalostlaget.

SJÅ VIDEO: Daniel (3) blir den yngste æresmedlemen i Gamalostlaget. Utmerkinga er det gamalosthovding Jens Brekke som står for. (FOTO: PRIVAT)

– Vi førebudde han godt, så han var klar over kva som skulle skje oppe på scena. Og han var ganske så stolt over skinnbrevet han fekk. Det passa han godt på, fortel mamma Monika Harbakk.

Fredag vart nemleg Daniel Lillehauge frå Feios æresmedlem i Gamalostlaget i Vik. Ei utmerking mellom andre Kong Harald, Ingrid Espelid Hovig og Olav Stedje tidlegare har fått.

Ikkje på brødskive

Daniel Lillehauge

STAS: Daniel Lillehauge tykte det var stas med skinnbrevet han fekk som æresmedlem i gamalostlaget.

Foto: Privat

Og for dei som ikkje hugsar det, Daniel er sjarmøren som i fjor forsynte seg grovt av gamalosten på frukostbordet . Då var han to år og glad i gamalost.

No er han tre år og like glad i gamalost. I går fekk han utnemninga på kulturkvelden under gamalostfestivalen i Vik.

– Vi prøver å ha det heime og han gomlar det så fort han får sjansen. Aller helst vil han maule det, men vi må porsjonere det så godt vi kan. Han blir fort lei om det blir for mykje, og det må vi unngå, humrar Harbakk.

– Eit godt døme

Per Henning Liljedahl er sendemann, eller styremedlem, i Gamalostlaget. Målet deira er å ta vare på matkulturen rundt gamalosten, og prøve å få til att ystinga som gjekk føre seg på stølane i gamle dagar.

Sjølv om gamalost av mange vert rekna som ei av vestlandets flottaste delikatesser, er det helst vaksne som koser seg med den noko spesielle osten frå Vik. Men gamalosten har også nokre unge fans, slik som Daniel Lillehauge (2).

SJÅ VIDEO: Daniel Lillehauge fall for freistinga då gamalosten kom på bordet. (FOTO: PRIVAT)

Liljedahl seier dei ikkje var i tvil om at treåringen måtte inn i det gode selskap.

– Daniel er eit godt døme på gamalosten truleg har ein smak som er mykje betre enn sitt rykte. Og så var det øye kjekt at han gjorde ein så god jobb for gamalostsaka. Han har mange jamaldringar som gomlar gamalost, seier han.

– La borna smake

Ragnar Hove og Ottar Wiik

VART LURT: Først deklamerte Ragnar Hove (nummer to frå høgre) "Vesle Daniel" av Jakob Sande då Daniel Lillehauge vart utnemnd æresmedlem. Så vart også han overraska med æresmedlemskap.

Foto: Kjell Vikestad

Sjølv er han bestefar til fire gamalostetande born. Den yngste er fem månader. Nokre av dei fekk smake gamalost bak foreldra sin rygg. Hos bestefar.

– Vi besteforeldre tek på oss æra for at slike småtravarar gomlar gamalost. Ofte, når vi er på stand med gamalostlaget, rår foreldra ungane sine frå å smake på gamalost. Når ungane likevel prøver, så likar dei det, seier han.

Liljedahl minner om at gamalost har 50 prosent protein og er laga av ein ingrediens: surmjølk.

– Det berre ein teori at den eine prosenten med feitt er der, så ein kan trygt gi det til småborn. Det er betre det, enn at dei slår seg på Nugatti, avsluttar han.