NRK Meny
Normal

Tor Bremer (59) er tilbake på Stortinget - som nybakt pappa på jobbjakt

9. september i fjor var Tor Bremer si tid på Stortinget over. No er han tilbake, samstundes som han er jobbsøkjar og nybakt pappa.

Sveinung Rotevatn og Tor Bremer

I MANESJEN: Ein engasjert Tor Bremer i samtale med Venstres Sveinung Rotevatn etter framlegginga av forslaget til statsbudsjett sist veke.

Foto: Silje Guddal / NRK

Først og fremst har det vore ein personleg opptur. Eg er blitt pappa i høg alder.

Tor Bremer, om livet etter Stortinget

– Det er fascinerande. Du er i hjartet og skal styre landet. Det er her det skjer. Det er her budsjettet skal handsamast, seier sogningen entusiastisk.

NRK.no møter hafslobygdingen i Stortinget sin vandrehall. Det er onsdag 8. oktober og regjeringa har nett lagt fram forslaget til statsbudsjett. Bremer har alt vore i fraksjonsmøte i Ap si stortingsgruppe for å drøfte reaksjonane.

– Forferdeleg spennande. Men også arbeidskrevjande, når du har ein halv meter stabel med budsjettdokument som skal finlesast og analyserast, så er det ein krevjande periode. Men utruleg moro!

Møter som vara for Heggø

Stortingsrepresentanten tek oss med til kontorfløya i Akersgata. Den nyare delen av stortingsbygget. I andre etasje ligg basen. Kontoret. Men på døra står det ikkje «Tor Bremer». «Ingrid Heggø» fortel dørskiltet.

– Det er utruleg moro, seier vikaren.

Vararepresentanten Bremer møter som fungerande stortingsrepresentant fram til 17. oktober, mens kollega Ingrid Heggø frå Høyanger er ein av FN-utsendingane til New York.

– Eg saknar det å vere tettare på sakene. Når du sit på heiltid, følgjer du sakene frå dei dukkar opp som ei problemstilling, og fram til eit konkret vedtak i stortingssalen. Eg saknar å kunne følgje sakene i det lange løpet.

– Saknar du livet her på Stortinget?

– Ja! Med atterhald. Naturlegvis saknar eg det, men eg har også eit godt liv heime. Det må eg få understreke.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ingrid Heggø og Tor Bremer

DEN GONG DA: Store stemning på valvaken i Førde då Ingrid Heggø og Tor Bremer begge vart valde inn på Stortinget for Ap i 2009. Ved valet i 2013 fekk berre Heggø fast plass.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Aviser at han var usynleg

I fjor haust vart det over og ut for Tor Bremer som fast møtande stortingsrepresentant på Sogn og Fjordane-benken. Eit dårleg val for Arbeidarpartiet, og ikkje minst det faktum at Sogn og Fjordane mista den eine av sine fem representantplassar på tinget, gav berre rom for Ingrid Heggø på Løvebakken.

Etter fire år i maktas sentrum, måtte Bremer flytte ut frå stortingsleilegheita. Etter eit opphald der han fleire gonger kritikk for å vere lite synleg og lite aktiv på Stortinget.

– Kritikken går ofte på at ein er lite synleg i heimfylket. Ein sit på dette kontoret i time etter time, men ein får inga kredit for det. Ingen i heimfylket bryr seg om den jobben ein gjer her. Om vi les meterhøge bunkar med dokument, så imponerer det ingen. Det er litt av dilemmaet når du skal sitje på Stortinget og vere med og styre landet. Du må kunne sakene ned til minste detalj. Du får ikkje god nok tid til å følgje opp heimfylket. Det blir forventa at ein skal stille opp på lokallagsmøte, bedriftsmøte, interesseorganisasjonar og så vidare. Det er ikkje mogleg å innfri desse forventningane.

Tor Bremer

STARTA PÅ NYTT: I ein alder av 59 år er Tor Bremer igjen blitt bleieskiftarbeidar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Ser du noko du kunne gjort annleis?

Det er klart ein kan vere meir kynisk i forhold til kva ein prioriterer. Ein kan seie at det viktigaste er å vere heime, men då får ein reprimande her frå Stortinget for å ikkje ha vore til stades her. Her må ein formelt søkje om fri. Mange gjer det, og blir då naturlegvis meir synleg heime, men ein gjer ein dårlegare jobb med å styre landet.

Småbarnsfar på jobbjakt

Eg skal tilbake i jobb. Eg er jobbsøkar no

Tor Bremer

Etter Stortinget reiste Bremer heim til Hafslo. Utan jobb, men i ein alder av 59 vart han nybakt pappa.

– Først og fremst har det vore ein personleg opptur. Eg er blitt pappa i høg alder. Ein fantastisk liten krabat som no er fem månader. Eg har aldri tidlegare hatt tid og høve til å kunne følgje ein unge si utvikling så tett. Det kan ikkje beskrivast. Eg er blitt ein endå større forsvarar av pappapermisjonen, ler Ap-aren.

Han vedgår likevel at returen til det sivile liv i Luster ikkje berre har vore ein dans på roser. Den tidlegare bonden, som for nokre år sidan selde mjølkekvoten, har framleis ikkje funne seg ny jobb etter fire år som stortingspolitikar.

Bremer på veggen i Stortinget

PÅ VEGGEN: Jobbsøkjar Tor Bremer meiner han har mykje erfaring med seg etter åra som stortingsrepresentant.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg skal tilbake i jobb. Eg er jobbsøkar no, og eg har primært eitt mål: Eg skal få meg jobb der eg kan bruke kunnskapen og erfaringa eg har.

Som stortingspolitikar var det utdanningsfeltet som vekte dei sterkaste kjenslene, men 59-åringen ser ikkje føre seg å bli lærar.

– Eg kan ein god del om offentleg forvaltning, organisasjonslivet, korleis drive ein organisasjon, og det å kunne drive lobbyverksemd på vegner av ulike interessegrupper. Det meiner eg å ha særdeles god kunnskap om.

Aller helst finst draumejobben ein stad i Sogn, i køyreavstand til heimen på Hafslo.

– Eg fryktar at eg må flytte på meg, for å få ein jobb eg ønskjer meg. Primært ønskjer eg naturlegvis å bu heime, og kunne ha eit nettverk heime i bygda. Kameratar, vener og familie. Det betyr så mykje. Så eg vil aller helst kunne bu heime og pendle frå heimen, seier Ap-veteranen.


Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast