Hopp til innhold

«KrF og Venstre har vist ansvar»

Natt til fredag braut regjeringspartia landbruksforhandlingane med støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Per Hilleren på plass i Oslo for å protestere mot landbruksoppgjeret

HAR VIST ANSVAR: Per Hilleren seier KrF og Venstre har teke ansvar. Her frå bondeaksjonen i Oslo tidlegare i veka.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Det var ikkje heilt uventa. Det er signalisert frå mange parti at dei ikkje kunne gå for tilbodet frå regjeringa. No går saka til Stortinget og då håpar me ho kan få eit betre utfall enn ho såg ut til å få, seier Per Hilleren, leiar for Sogn og Fjordane Bondelag.

3. mai vart det klart at regjeringa og bøndene ikkje kom til semje i jorbruksforhandlingane. Regjeringa tilbaud opphaveleg 150 millionar, berre ein tiandedel av dei 1,5 milliardane bøndene kravde.

I tida etterpå har bøndene protestert og aksjonert, både i Sogn og Fjordane og i resten av landet. I går vart det klart at Arbeiderpartiet ikkje ville støtte regjeringa sitt tilbod.

Ikkje overraska

Opprør i Førde

OPPRØR: I tida etter brotet i forhandlingane har bønder i heile landet protestert. Her frå ein aksjon i Førde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Og i natt vart det altså brot mellom regjeringa og støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Bondeleiaren er ikkje overraska over brotet.

– Eg hadde faktisk vorte meir overraska om dei hadde vorte med regjeringa.KrF har vore heilt tydelege i deira kritikk. Venstre har også til dels vore sterkt kritiske til den linja Listhaug og regjeringa har lagt seg på i landbrukspolitikken, seier Hilleren.

Heller ikkje Djuvik-FrP overraska

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, seier han hadde ein fin frokost. Nyhenda om brotet øydela ikkje det.

– Eg sat i alle fall ikkje kaffien i vrangstrupen. Det at KrF og Venstre vel å ikkje forhandle vidare betyr ikkje at det ikkje kan verte ein avtale mellom oss før eit endeleg oppgjer i Stortinget. Så førebels tek eg dette heilt med ro, seier Djuvik.

Fylkesleiaren håpar ikkje Stortinget endrar tilbodet frå regjeringa.

Frank Willy Djuvik og Anders Felde i samband med bondeaksjonen i Gloppen tysdag ettermiddag

POLITISK SPEL: Frank Willy Djuvik kallar brotet for politisk spel. Her er Djuvik (t.v.) saman med leiar i Breim Bondelag, Anders Felde, under ein bondeaksjon etter staten og bøndene braut forhandlingane 13. mai.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det håpar eg verkeleg ikkje. Staten har lagt fram eit veldig godt tilbod, som sikrar eit framtidsretta landbruk.

– Men ingen parti er einige i det?

– Det er eg ikkje så sikker på. Dette er eit politisk spel. Det er meir at dei ønsker å gje regjeringa eit politisk nederlag, enn det er realitetane i staten sitt tilbod. Det håpar eg dei hevar seg over, og gir dette ei skikkeleg handsaming, seier Djuvik.

Djuvik kritiserer Arbeidarpartiet for å ha brote tradisjonen med å støtte regjeringa sitt forslag i jordbruksforhandlingane.

– Vi må ha på plass i avtale som sikrar at vi har bønder i heile landet også om 15 år. Og det som Arbeidarpartiet no legg opp til sikrar ikkje det.

Venstre ønsker avtale med regjeringspartia

– Eg tykkjer det er sterkt beklageleg at regjeringa valde å bryte. Det er overraskande. Vi hadde håpa at dei hadde meir å gå på, seier Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn

For han seier Venstre er samde i hovudretninga på oppgjeret.

– Det er viktig å få til forenkling og leggje til rette for å kunne drive stort. Men vi ønskte også å ta vare på dei små, og det er viktig for landbruket i Sogn og Fjordane.

Venstre ønsker å bruke litt meir pengar, seier Rotevatn. I tillegg meiner partiet at regjeringa prioriterer dei store for hardt.

Sveinung Rotevatn

VI VIL: Rotevatn seier han og Venstre er villige til å strekke seg langt for å verte samde med regjeringa.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Vi meiner dei må kunne gje litt meir til små- og mellomstore bruk. Dei må også med, dersom vi skal sikre matproduksjonen.

Dersom regjeringa møter Venstre på desse krava, håpar Rotevatn å få til ei avtale mellom dei fire borgarlege partia.

– Vi ønsker ein landbrukspolitikk i sentrum. Forenkling og støtte til dei store, samtidig som vi tek i vare dei små. Eg håpar vi framleis kan få til ei semje, men no vert det ein lengre veg, seier han.

– Regjeringa har all interesse av å kome fram til ei avtale. Og det er vi i Venstre villige til å gje dei, vi vil strekke oss langt. Det vil tydelegvis ikkje regjeringa. Men det framleis ei god stund til Stortinget må gjere eit vedtak, og forhandlingane kjem til å fortsetje der, seier Rotevatn.

– Dei har vist ansvar

Bondeleiar Per Hilleren forlanger Hilleren eit endra tilbod når saka går til Stortinget.

– Eg har forventningar til at det vert gjort endringar og justeringar i tilbodet, som vil vere til gagn for norsk matproduksjon. Så må me sjå kva som kjem. Det er uvisst kva Stortinget vil gjere, seier bondeleiaren.

Opprør i Førde

OPPRØR: I tida etter brotet i forhandlingane har bønder i heile landet protestert. Her frå ein aksjon i Førde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Stortinget kan velje å gjere detaljerte endringar, eller leggje nokre sentrale føringar og sende saka tilbake til forhandlinga mellom regjeringa og bondeorganisasjonane.

Hilleren er uansett nøgd med den siste utviklinga.

– Eg tykkjer det er bra at KrF og Venstre har stått opp på denne måten. Dei har vist ansvar i denne kritiske situasjonen for norsk matproduksjon.

Føler dei har støtte frå folket.

Bondeleiaren vil ikkje spekulere i kva resultatet av Stortinget si behandling vert.

– Vi får sjå kva som kjem frå Stortinget. Eg registrerer at partia tek ansvar i denne runden. Då reknar eg med at dei også tek ansvar når det kjem til Stortinget, og gjer det mogleg å framleis ha ein desentralisert, god og trygg matproduksjon i Noreg.

De har jo mykje snakka om trygg, norsk mat: Som bondelagsleiar, føler du de har opinionen med dykk i dette synet?

– Ja, det føler eg absolutt. Det er faktisk heilt fantastisk å sjå den støtta me får av folk no for tida. Eg trur forbrukaren og folk flest har vakna. Eg trur folk fekk seg ein vekkjar når dei såg tilbodet frå regjeringa. Folk ser galskapen i dei strukturendringane som kan kome.