Hopp til innhold

No er Astrup i Tyskland

Kunstinteresserte tyskarar strøymde i helga til eit teater i den vesle hamnebyen Emdem. Der var nemleg kunsten til jølstringen Nikolai Astrup stilt ut.

Folkemengde på Astrup-utstilling i Tyskland

STAPPFULLT: Det var trongt på plassen då Nikolai Astrup sine bilete vart stilt ut i Tyskland i helga

Foto: Janne Kathrine Leite

– Vi er eigentleg litt mållause heile gjengen, for folk her nede er så entuastiske. Alle hadde kanskje ikkje høyrt om Astrup frå før, men den vesle smaken dei har fått no vekker stor begeistring. Det seier avdelingsleiar på Astruptunet, Solveig Berg Lofsnes.

Saman med resten av den norske delegasjonen var ho tilstades på opninga av Astruputstillinga på kunsthalle Emden.

Les også: Ei stolt dronning fekk sjå Astrup i London.

– Dei måtte flytte opningsarrangementet frå kunsthallen til teateret, for det var så stor pågang. Det er sikkert endå fleire som ville ha kome, men det var ikkje plass til fleire.

Jølstrastove

JØLSTRASTOVE: Denne tradisjonelle stova var ein del av utstillinga

Foto: Janne Kathrine Leithe

Mange hadde altså teke turen til kunstutstillinga, og blant publikum kunne ein sjå fleire ganske kjente fjes. Mellom anna var tidlegare kanslar i Tyskland, Gerhard Schröder , til stades. Astrup er likevel ikkje ein veldig kjent kunstnar i Tyskland, men Lofnes håpar utstillinga kan vere med på å forandre det.

– Det er ei veldig begeistring for Astrup her og no. MaryAnne Stevens sa i sin opningstale at ho håpte utstillinga kunne vere med på å løfte Astrup ut av skuggen til Munch.

Les også: Astrup sette rekord i London

Visste ikkje kva dei gjekk til

Bileta til Astrup har allereie fått stor merksemd på utstillingar i London og Oslo dette året, og utstillinga i Kunsthalle Emden i Tyskland, var siste utstillingsstad på denne turneen.

– Vi ante jo eigentleg ikkje kva vi gjekk til med denne utstillinga, men eg er eigentleg heilt målbunden no som eg ser korleis det vart. Vi har fått nokre inntrykk som eg ikkje trur vi kjem til å gløyme, seier Lofnes.

Ein av dei som var med til Tyskland for å sjå utstillinga, er ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg. Han legg ikkje skjul på at han vart rørt av å sjå bileta til sambygdingen i utlandet.

– For oss som kjem frå ei bygd som Jølster er dette ganske overveldande. Det er jo ikkje berre Astrup som får stor merksemd her, men også Jølster og naturen der.

Oddmund ser på Astrup i Tyskland

STOLT ORDFØRAR: Ordførar Oddmund Klakegg var ein stolt Jølstring i helga, han tykkjer det er stort å sjå merksemda som heimbygda får i utlandet

Foto: Janne Kathrine Leite

Japan og USA neste

Kunsten til Nikolai Astrup ser ut til å vere klar til å ta over heile verda, og det er også planen. I alle fall ifølgje Klakegg.

– No har vi ein gyllen moglegheit, og den må vi sjølvsagt berre gripe. Det vert lagt store planar framover, med både USA og Japan på blokka, så dette kan berre bli endå større.

Ordføraren er ikkje berre oppteken av ryktet til kunstnaren, men trur også heimbygda kan få ein opptur av den store interessa rundt jølstringen.

– Astrup er unekteleg knytt til Jølster som bygd og stad, og eg trur dette kan bety mykje for Jølster, men også Sunnfjord og Sogn og Fjordane.