Hopp til innhold

Highsoft Solutions stakk av med sigeren og er «årets gründer»

Det vart databedrifta Highsoft Solutions frå Vik i Sogn som kan smykke seg med den gjeve tittelen: Årets gründer 2012.

Opptak frå prisutdelinga i Florø 1. november 2012

VANN PRISEN: Det var Higsoft Solutions frå Vik som stakk av med prisen som årets gründer 2012. Utdelinga fann stad på Temposeminaret i Florø. SJÅ VIDEOEN! (FOTO: Truls Kleiven).

Dei lagar avanserte presentasjonsløysingar for IT-marknaden og leverer til heile verda.

Torsdag vart Torstein Hønsi med Highsoft Solutions tildelt «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.

Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane delte NRK Sogn og Fjordane ut prisen. Prisvinnarane fekk i tillegg 100.000 kroner.

Kandidatane til konkurransen har blitt plukka ut av ein jury og stemt fram av folket i fylket og til slutt var det fem finalistar att. Til saman har det kome inn 10.500 stemmer frå folket

I juryen sat juryformann og administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og Halvor Flatland som er sjef for innovasjon Norge.

Dei fem finalistane til året gründerpris var følgjande:

  • Lege.no – Mjømna
  • Droneservice – Stryn
  • Proresult – Førde
  • Melin Medical AS–Sandane
  • Highsoft Solutions- Vik i Sogn

(Artikkelen held fram under biletet)

Gründerprisen til Highsoft Solutions, Grethe Hjetland, juryformann Arvid Andenæs og Torstein Hønsi.

STOLTE: Dagleg leiar Grethe Hjetland og gründeren Torstein Hønsi i vinnarbedrifta frå Vik er stolte. Her saman med juryformann Arvid Andenæs.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

–Veldig glad og stolt

– Eg føler meg veldig glad og stolt over å få denne anerkjenninga, sa den glade gründeren Torstein Hønsi etter å ha blitt tildelt prisen.

– Det er ein stor inspirasjon for oss til å jobbe vidare med dette, sa Hønsi som kunne fortelje at dei har konkrete planar for midlane.

Dagleg leiar Grethe Hjetland heldt ein liten takketale i ekte Hollywoodstil.

– Det er aldri keisamt på jobb, kunne ho fortelje.

Om vinnaren

– Vi utviklar eit grafisk verkty som skal gjere det lett å visualisere data direkte i internett, seier dagleg leiar i Highsoft Solutions, Grethe Hjetland.

Og det er ikkje småbedrifter som står på kundelista til vinnaren.

– Over 50 av dei 100 største selskapa i verda står på kundelista vår, seier styreleiar og hovudaksjonær, Torstein Hønsi.

– Ideen er Torstein sin i utgangspunktet og det er jo eit eventyr utan like og utruleg kjekt å kunne sjå på kundelista og sjå at vi nesten har 23 000 kundar, fortel Hjetland.

Juryens grunngjeving

Årets gründer 2012 har hatt ei eventyrleg reise frå det som ein kan seie var ein ikkje-kommersiell ide til å få ei internasjonal suksessbedrift med kundar over heile verda. Årets gründer har på kort tid etablert seg i ei global næring med sterk konkurranse, der ein verkeleg må vere best i klassa for å vere med i gamet. Årets gründer og hans bedrift har vist ei fantastisk god evne til å utvikle ein forretningsmodul som fungerer i ein ny bransje og i ein internasjonal forretningskultur. Dette er innovativt nybrottsarbeid. Årets gründer skapar arbeidsplassar i dei nye næringane ungdomane våre utdannar seg til, både i sin eigen heimkommune og i fylket og kan og tiltrekkje seg ungdom utanfrå. Han har eit skalerbart konsept med betydeleg potensiale. Årets gründer har vist god forretningsteft ved å jobbe tett på kundane og tilpasse produktet i høve behov som kunden har og der kunden får eigarskap i det som blir utvikla. Han rettar seg no mot kjøpesterkekundar over heile verda. Årets gründer er Highsoft Solutions i frå Vik.

Arvid Andenæs, juryformann