Hopp til innhold

Tippa Sogndal nord og ned - no tek han av seg «alle hattar som finst»

Før sesongstart var Jahn Ivar «Mini» Jakobsen blant dei som tippa Sogndal nord og ned. No har pipa mildt sagt fått ein anna låt. – Sogndal er fantastiske!

Jahn Ivar Jakobsen

HAR SNUDD: 18 dagar før seriestart slakta Jahn Ivar «Mini» Jakobsen laget frå saftbygda. No er han meir eller mindre over seg av begeistring.

Foto: Frank Almås / NRK

Laget frå saftbygda har utan tvil blitt klubben som har stått for dei store overraskelsane så langt denne sesongen.

Etter fem kampar har laget berre sleppt inn eit baklengsmål, dei har teke poeng i alle kampane og ligg nett no som tabelltoar. Sjølv om det då skal seiast at dei andre laga enno ikkje har spelt denne runden.

Etter at Sogndal i går kunne reise heim med tre nye poeng etter å ha slått Vålerenga borte vel «Mini» Jakobsen å krype til korset. På sin Twitter-konto kunne ein lese følgjande melding i går kveld.

Som sikkert noen har fått med seg så vant Sogndal i dag..... Aldri mer skal jeg si noe negativt om Sogndal. FANTASTISK start på sesongen

"Mini" Jakobsen på Twitter

Dagen etterpå kan han ikkje akkurat seie at han angrar på utspelet.

– Eg følte det var riktig der og då. Som sagt, så har eg teke ei avgjerd om at eg aldri meir skal seie noko stygt om Sogndal, seier Jacobsen.

Levna Sogndal svært små sjansar...

Skrur vi tida tilbake til starten av mars, nokre veker før sesongstart i eliteserien braka laust, var det slett ikkje dette ein skulle tru den kjende fotballkommentatoren skulle seie om laget frå Sogn.

På bloggen sin skreiv TV2 sin fotballekspert då at det var to ting han var bombesikker på framfor sesongstart. At Sogndal rykkjer ned og at Molde ikkje vinn serien.

– Skal eg sette pengar på noko i dag, så trur eg Sogndal rykkjer ned. At Sogndal skal bli eit nytt Haugesund som durer på og sjarmerer oss med angrepsfotball, trur eg ikkje dei har kvalitetane til, sa Jahn Ivar «Mini» Jakobsen til NRK.no den gong.

Han var då uroa for dei store hola i forsvarsrekkja til Sogndal, etter at nesten heile forsvarsrekkja frå fjoråret har forlate klubben.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tonny Brochmann får skryt etter målet mot Vålerenga

TRE POENG: Tonny Brochmann klinka ballen i mål og sikra 2-0 siger til sognelaget mot Vålerenga fredag.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

Men så har alt snudd

Men det er nok mange som må ete i seg litt av det dei har sagt om Sogndal. For med svenske Jonas Olsson ved roret har laget verkeleg fått vise seg fram dei første fem kampane av sesongen.

Dei har enno ikkje gått frå ein kamp utan poeng, sjølv om dei har møtt tøff motstand. Det har imponert «Mini» Jakobsen.

– At Sogndal skulle vere så gode som dei har vore hittil i år. Det var over all mi forstand at det skulle vere mogleg, seier han og meiner mange andre opplever det på same måte.

Tek av seg «alle tusen hattar som finst»

Så langt har Sogndal vunne 4–0 mot Odd Grenland borte, 0–0 mot Hønefoss heime, karra til seg eitt poeng då dei spelte 0–0 mot Rosenborg på Lerkendal, 1–1 mot Haugesund på Fosshaugane og i går vann dei 2–0 over Vålerenga då dei gjesta Oslo-laget.

– Dei er eit av Norges beste fotballag, i alle fall er dei det for tida. Dei har spelt fem runda og berre sleppt inn eitt mål. Dei har møtt Odd, som var det beste laget på hausten i fjor, dei har møtt Rosenborg på Lerkendal, og dei har måtte Vålerenga på Ullevål.

– Det dei har gjort no, det er det berre å ta av seg alle tusen hattar som finst for, seier den tidlegare landslagsproffen.

Har trua på at dei held seg i eliteserien

På mange måtar kan det no sjå ut til at Sogndal kanskje ikkje blir blant laga som må kjempe med nebb og klør for å halde plassen i divisjonen.

– Eg trur ikkje det blir noko medalje. Men viss dei held fram slik dei gjer no, slik at dei kjem seg i ein posisjon der nedrykksspøkelset ikkje heng over dei, så har dei gjort ein fantastisk prestasjon, seier Jakobsen.

På spørsmål om han i det skjulte likevel vil gni seg litt i hendene dersom Sogndal skulle rykkje ned, svarar han spøkjefullt og lattermild.

– Dersom Sogndal rykkjer ned, så trur eg det er fordi dommarane har fått bestikkelsar og har dømt mot Sogndal, eller dårlege baner, og sol i auga, ler han og er klar på at Sogndal har imponert han så langt i sesongen.