Hopp til innhold

No er «Lucky» og eigar lykkelege saman att

Fredag blei ein våt og sliten hund funnen aleine og forlaten på Gaularfjellet. I dag kom gladmeldinga om at eigaren har teke kontakt.

Herrelaus hund

BLEI FUNNEN PÅ FJELLET: Det var ein familien som fann hunden, og Dyrebeskyttelsen kalla han «Lucky». Hunden har eigentleg eit anna namn.

Foto: Privat

– Mysteriet er løyst. Det var ei naturleg forklaring som vi håpte på, seier Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Det var ein familie fråVågsøy som oppdaga hunden på fjellet og tok seg av han. Mellom anna NRK skreiv om saka og fleire på Facebook har vore uroa for eigaren.

– Det vart frykta at eigaren til «Lucky» låg skadd på fjellet, seier Astor.

Takksam eigar

Uvitande om bekymringane som har vore, har eigaren leita etter hunden i fjellet i fleire dagar.

– Det er dårleg telefondekning i områda, FM-nettet er nede, og utan tilgang til internett er det ikkje lett å få med seg lokale nyheiter, seier Astor.

Ho fortel at mannen blei svært letta då nokon i familien fortalde at hunden var funnen, på ein heilt anna plass enn han sjølv hadde leita.

– Han tok då straks kontakt med politi og Dyrebeskyttelsen. Han er svært takknemleg for all omtanken folk har vist.

Hund

PÅ HOTELL: Familien som fann hunden, tok den med på hotell. No blir hunden chippa, slik at det blir enkelt å finne eigaren om den skulle komme vekk ein annan gong.

Foto: Privat

Glad hund

Dei tre siste døgera har «Lucky», som eigentleg har eit anna namn, kome til hektene hos ein forvertfamilie i regi av Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

– Det var stor gjensynsglede. Hunden vart heilt i hundre da eigaren kom. Eigaren har betalt alle utgifter og takkar for god hjelp.

Dyrebeskyttelsen er glad for alle som har engasjert seg.

– Saka har engasjert mange og det er vi svært glade for. Vi hjelper årleg svært mange bortkomne dyr. seier ho.