Hopp til innhold

No blir paddene rikskjendisar

I 2010 bar dei to naturvernarane Gunnar Wangen og Oddvar Olsen 9.500 padder fram og tilbake over ein europaveg under bygging. No har kampen for paddene blitt til ein timeslang dokumentar. Den kan du sjå i kveld på NRK1.

Vegvesenet bygger ny veg og Norden sin største paddebestand står i fare.
To menn bestemmer seg for å kjempe paddene si sak, og endar opp med å setje eit heilt lokalsamfunn på hovudet.

UT I NATUREN: I kveld kan du sjå programmet «Kunsten å leggje seg paddeflat» på NRK1 klokka 1945. Den blir tilgjengeleg i nett-TV frå same tidspunkt.

Ved Lisjevatnet i Austefjorden, ei lita bygd inst i Sunnmørsfjorden, lever den største paddebestanden i Europa. Då bygginga av Kvivsvegen starta i 2009 sette det livet til 12.000 kvekkande amfibie i fare. Vegen gjekk nemleg midt i vandringsruta til bestanden.

Regissør Are Pilskog har brukt fire år av sitt liv på å dokumentere lagnaden til paddene.

– I starten lurte eg litt på kva eg dreiv på med. Men etter kvart såg eg at også ei padde har eit spanande liv, som absolutt er verdt å fortelje om, seier han.

Plagsame padder vart turistattraksjon

«Kunsten å leggje seg paddeflat» blir vist på NRK1 3. mars og følgjer dei to naturvernarane Gunnar Wangen og Oddvar Olsen sin kamp for å berge den unike paddebestanden.

Are Pilskog

NYTT TEMA: Regissør Are Pilskog vann fleire prisar for 'Havets sølv', ein dokumentarfilm om sildebestanden utanfor norskekysten. Denne gongen står paddene for tur.

Foto: NRK

Kampen startar for tjuefem år sidan og vert krona av at Statens vegvesen går med på å byggje heile sju tunnelar med leievollar, som skal sluse paddene trygt gjennom rør under europavegen. Eit prosjekt som kosta over 1 million kroner.

– Vi menneske har ein tendens til å engasjere oss for dyr som er meir tiltalande, eller som har ei meir openberr nytteverdi for oss, enn det desse paddene har. Og så er det to karar som har engasjert seg for ein paddebestand av alle ting. Eg synst det var fascinerande å følgje kampen dei har hatt, seier Pilskog.

Etter kvart smittar engasjementet over på resten av innbyggjarane i bygda. Banksjefen involverer seg, og på ein ny rasteplass blir det sett opp med informasjonsskilt og ein diger paddeskulptur.

Dei plagsame paddene har blitt ein turistattraksjon.

Padde statue

PADDESTATUE: Frå opninga av Paddeplassen i 2013.

Foto: Terje Reite / NRK

Historia om paddeberarane

Filmen går inn i historia i 2010 då dei to vert utnemnt som dei første statstilsette paddeberarane i landet. På det tidspunktet har vegvesenet allereie gått i gong med bygginga av paddetunnelane.

Men under anleggsperioden må paddene berast for at dei skal kome seg trygt fram på dei nattlege vandringane til Lisjevatnet. Gunnar Wangen fortel:

– Hadde ikkje dette blitt gjort, så hadde det vore katastrofalt for bestanden. Det var mange som hjelpte til og vi gjekk med hodelykter og bar paddene i bøtter. Omtrent 9.500 padder vart bore over vegen, dei fleste hadde nok blitt overkøyrt viss vi ikkje hadde fått det oppdraget, seier han.

Video Padder blir bore over veien

PADDEBERING: Sjå TV-saka om paddeberinga under bygginga av Kvivsvegen.

Regissøren held korta tett til brystet

Wangen har fått oppleve at den einsame kampen dei kjempa - ikkje berre har gjeve resultat - dei har greidd å få bygda til å gå av hengslene for paddene, noko dei knapt hadde drøymt kunne skje. Og no blir det altså òg dokumentarfilm.

– Det er ei ganske uverkeleg vending denne saka har fått. Det er fantastisk artig, seier han.

Eit spaningsmoment i filmen er om dei sju tunnelane faktisk fungerer og om bestanden har klart seg drøye to år etter at vegen stod klar. Akkurat det vil ikkje regissøren seie for mykje om.

– Eg håpar at folk ser filmen og forhåpentlegvis får svar der. Eg trur ikkje eg skal seie så mykje meir enn det, seier han.

Ut i naturen: Kunsten å legge seg paddeflat

PADDEAKTIVISTAR: I 25 år har Oddvar Olsen og Gunnar Wangen kjempa for paddene. Her står dei framfor ein av sju paddetunnelar under Kvivsvegen.

Foto: Are Pilskog / Blåst Film AS

Glad for at det finst stabeisar

Kanskje er det òg større svar å finne i filmen. I eit samfunn der presset på effektivitet er stort og vi heile tida blir målt på det vi leverer, kan det vere lett å gløyme det som ikkje er synleg.

Regissør Pilskog er glad for at det finst folk som Gunnar Wangen og Oddvar Olsen. Som ikkje kvir seg for å stoppe eit millionprosjekt, berre for å berge nokre padder.

– Det som har gjort mest inntrykk er desse to karane og den jobben dei har lagt ned. At dei tenkjer at desse grå og mindre tiltalande skapningane også har livets rett, seier han.