Hopp til innhold

No blir KrF pressa på hjartesak

FØRDE (NRK): I dag kan KrF bli tvungen til å stemme imot ei av hjartesakene sine eller bryte budsjettavtala som dei gjorde med Høgre, Venstre og Frp for berre ei veke sidan.

Astrid Juklestad med PC

PC FRAMFOR POST: Astrid Juklestad finn lett fram til sin digitale pensjonsslipp. Men ho forstår dei som synest det er vanskeleg. – For mange var det ein tryggleik å få brevet og vite at denne summen får eg denne månaden, seier ho.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– For meg går det greit, men det er mange pensjonistar som ikkje har datamaskin, seier den ferske pensjonisten Astrid Juklestad.

KrF har kjempa høglydt og iherdig for å innføre moglegheita for å få pensjonsslippen i postkassa igjen, og ikkje berre på nett, etter at regjeringa kutta tilbodet hausten 2016.

Torsdag skal Stortinget stemme om pensjonsslipp i postkassa, ei av KrF sine hjartesaker. Det kan bli ei real kattepine for KrF.

Både Sp, Ap og SV er for å innføre pensjonsslipp i postkassa alt 1. januar 2018. Høgre og Frp er imot dette, og det betyr at KrF kan sikre fleirtal dersom dei røyster for dei raudgrøne sitt forslag om innføre slippen i postkassa igjen.

Samstundes har KrF skrive under på ei budsjettavtale som slår fast at dei ikkje kan sikre fleirtal for eit forslag som fører til ytterlegare utgifter på statsbudsjettet. Det betyr at dei ikkje kan støtte hjartesaka utan å bryte budsjettavtala.

Viss partiet skal overhalde avtala kan det bli tvungen til å røyste i mot.

No håpar dei å få Stortinget med på å utsetje innføringa til 1. juli neste år. Viss dei raudgrøne stemmer ned forslaget, må KrF velje om dei skal ofre hjartesaka eller budsjettavtala.

KrF vil vente

KrF kjem med eit forslag om 1. juli, fortel stortingsrepresentant Steinar Reiten.

– Det er vanskeleg å innføre det allereie frå 1. januar. Det er jo berre ein månad til.

Stortingsrepresentant Steinar Reiten (Krf)

JA TIL POSTSLIPP: Steinar Reiten (KrF) vil ha pensjonsslippen i posten. Men ikkje frå 1. januar.

Foto: Johs Kalvemo/NRK

– Og vi synest det er rimeleg at vi legg det til eit tidspunkt der vi kan få legge inn pengar til det i revidert nasjonalbudsjett til våren. For budsjettforliket for 2018 er jo akkurat i boks.

Dermed er det to forslag, som begge vil ha postslippen tilbake. Men til ulike datoar.

Reiten stadfestar at dersom ikkje nokon av dei får fleirtal, blir det ikkje noko av vedtaket.

– Det ville eg synest var uheldig. For dette er ei sak som Pensjonistforbundet har løfta høgt, og som er viktig for dei, seier Reiten.

Prislapp: 30 millionar

Geir Axelsen, direktør i Statistisk sentralbyrå

FINN FRAM: Geir Axelsen i Nav seier brukarane etter kvart har blitt vane med å nytte nettet.

Foto: Esben Johansen

Assisterande arbeids- og velferdsdirektør Geir Axelsen i Nav seier brukarane greidde overgangen. Sjølv om det var klagar til å begynne med.

Han seier det er kostbart å begynne med post att.

– Det vil koste oss minst 30 millionar kroner. Om vi ikkje bli løyvd denne summen må vi redusere innsatsen på andre område for våre brukarar.

Pensjonist Astrid Juklestad håpar politikarane finn ei løysing.

– Det burde i allefall vere mogleg å velje å få det i post, for dei som ønskjer det.