Hopp til innhold

Om éin månad blir EU-kontrollen strengare

Frå nyttår av blir EU-kontrollen strengare. Og når bilverkstadane får ei endå lenger smørbrødliste å gå igjennom, så kan du som bileigar måtte betale meir for kontrollen.

EU-kontroll hos NAF Skien

STRENGARE: Frå nyttår av blir EU-kontrollane strengare.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Regelverket for EU-kontrollen har i mange år vore for dårleg og utdatert. No kjem endeleg endringa som burde kome for lenge sidan, seier Kristian André Sæbø som er overingeniør ved tilsynsseksjonen hos Statens vegvesen, region Vest.

EU-kontrollen er ein tryggleikskontroll for bilar, og skal sikre at bilane på norske vegar er på eit minimum i forhold til trafikktryggleik.

Sæbø trur bilistane vil setje pris på at kontrollane blir strengare.

– Eg trur mange er interessert i at bilane deira skal vere tryggast mogleg i trafikken, seier han til NRK.no.

Regelverket har ikkje følgt utviklinga

Bilar som er eldre enn fire år må inn til EU-kontroll anna kvart år. Når kontrollen frå 1.1.2014 blir strengare er det til fordel for både bileigar og bilverkstadane, meiner Sæbø.

– Det skal gjere det betre og enklare for verkstadane å kunne gjere merknad om fleire ting, ting som dei i dag ikkje kan gjere merknad om. Forskriftene blir lagt opp slik at ein følgjer den teknologiske utviklinga, seier overingeniøren.

Det er EU som stiller nye krav til kontrollane, og Norge må difor følgje på.

– I Norge tenkte vi at vi kunne vente til 2015 med å innføre regelverket, men Eu har sagt at vi må oppfylle minimumskrava som direktivet stiller allereie i 2014. Difor vil det vere ei mellombels forskrift som gjeld frå 2014 til 2015, då det vil kome endå større endringar, seier Sæbø.

Dei med nye bilar vil merke mest

Sæbø seier det er dei med nye moderne bilar som vil merke det mest.

Forklaringa er at det er spesielt i forhold til den teknologiske utviklinga at det nye regelverket vil vere oppdatert.

– Dei som har nye moderne bilar med masse tryggleiksutstyr og elektroniske hjelpemiddel vil merke det meir enn dei som har 20–30 år gamle bilar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian André Sæbø

POSITIVT: Kristian André Sæbø i Statens vegvesen meiner den nye forskrifta er til det beste for både bilverkstadane og bileigarane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Dette kan du no få merknad for

Han ramsar opp følgjande eksempel på ting som kan bli gitt merknad til ved kontroll etter 1. 1. 2014, som ikkje kan bli merka som feil med dagens regelverk.

– Det kan til dømes vere ved feil på airbagar, eller om det lyser i varsellampa for airbag, då kan det bli gitt merknad for.

– Det kan vere så enkelt som at ein bil manglar ein vindaugsviskar, det har ein ikkje hatt høve til å gje merknad for tidlegare, men det kan ein no.

Det nye regelverket har også ein del presiseringar i forhold til rust, og ein kan no føre feil for farleg rust. Til dømes der det er overhengande fare for at det skal gå hol.

– Ein kan no også gje merknad ved feil ved det elektroniske stabilitetssystemet i bilen. Om det er feil eller manglar ved det, noko ein ikkje kunne før, seier overingeniøren.

– Gammal og dårleg forskrift

Mange kan gjerne tenkje at det verkar rart at ein ikkje kunne gjere merknad om ein manglande vindaugsviskar tidlegare.

Sæbø seier dette viser kor utdatert regelverket er.

– Det viser litt kor gamal og til dels kor dårleg forskrifta og rettleiinga er, og det er difor ein har sett i gang arbeidet med å få den opp til dagens standard på bilane, seier han.

(Artikkelen held fram under)

EU-kontroll

DYRARE: Når verkstadane brukar lenger tid på å gjennomføre kontrollen, kan det betyr at bileigarane må betale meir.

Foto: Nyhetsspiller

Kan bli dyrare for bileigar

Bileigarane vil no altså merke at feil som ikkje var kommentert ved sist EU-kontroll no blir notert som både 1-ar og 2-ar feil. Og det kan bli dyrare.

– Mange vil nok merke at kontrollen blir dyrare. Det vil ta lenger tid for verkstadane å utføre kontrollen.

Odd Arild Dale som er sekretær i Sogn og Fjordane Bilbransjeforening stadfestar at verkstadane kan måtte ta seg betre betalt for denne tenesta med eit nytt regelverk.

– Prisen er heilt avhengig av kor lang tid vi bruker.

– Til det beste for bileigar

Han er likevel trygg på at både verkstadane og bileigarane vil ha nytte av eit meir oppdatert regelverk.

– Dette er viktigast for kunden, som får ein bil som er tryggast mogleg, seier Dale.

I Vegvesenet er Sæbø spent på korleis bileigarane vil reagere.

– Eg håpar mange bileigarar ser positivt på dette. Det gjeld trass alt tryggleiken i trafikken, seier han.